FØRSTE PASIENT: Helse Førde har fått den første koronasmitta pasienten.
FØRSTE PASIENT: Helse Førde har fått den første koronasmitta pasienten. (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Første korona-pasient innlagt

Pasienten er under 65 år, og fekk stadfesta sjukdomen for nokre dagar sidan.

Førde: Den første pasienten med koronasmitte er no innlagt på sentralsjukehuset i Førde. Det opplyser Helse Førde i ei pressemelding onsdag.

– Vedkomande er lagt på isolat og nødvendige smitteverntiltak er sett i verk, seier fagdirektør Trine Hunskår Vingsnes, i pressemeldinga.

Pasienten testa positivt på covid-19 for nokre dagar sidan. Pasienten er under 65 år.

– Det var berre eit spørsmål om tid før den første pasienten kom. Dette er me godt førebudde på, og me reknar med at fleire blir lagt inn i tida framover, seier administrerande direktør Arve Varden.

Til toppen