KORONAVIRUS: Helse Førde opplyser at dei no har éin pasiaent innlagt med påvist koronavirus.
KORONAVIRUS: Helse Førde opplyser at dei no har éin pasiaent innlagt med påvist koronavirus. (Foto: Arkiv / Halvor Farsund Storvik)

KORONAVIRUS

Pasient med påvist smitte innlagt

Det opplyser helseforetaket på sine nettsider. 

Sogn og Fjordane: Helse Førde opplyser at dei no har éin pasient innlagt med påvist koronasmitte. Vedkommande vart innlagt fredag på medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus.

Dette er første pasient som er innlagt i Helse Førde sitt område sidan 22. oktober. 

– Om det er ein han eller ei ho, veit eg ikkje. Eg kan ikkje sei noko om tilstanden til pasienten, seier Per Marifjæren, kommunikasjonsrådgjevar i Helse Førde.

Fredag blei det analysert 239 prøvar i Helse Førde, der alle var negative. Siste veka er det påvist 27 nye tilfeller av koronavirus i helseforetaket sitt område. 

Til toppen