Høyanger: Like før klokka 15.30 i dag fekk Høyanger kommune og kommuneoverlegen melding om at ein tilsett i Høyanger kommune har testa positivt på COVID-19, også kjent som koronaviruset, skriv kommunen i ei pressemelding.
Kommunen vil setje i verk tiltak i tråd med nasjonale og faglege retningslinjer med omsyn til den råka personen og omgjevnadene.
Kriseleiinga i kommunen følgjer situasjonen tett og vil ha eit nytt møte i morgon klokka 09.00, ifølgje pressemeldinga.
Ordførar Petter Sortland (Ap) seier til Porten.no at andre tilsette i kommunen vil måtte i karantene etter dette.
– Vil dette påverke drifta i kommunen?
– Det vil det. Det gjev utfordringar, utan at eg kan gå nærare inn på dette no, seier Sortland.
Han seier at kommunen førebels ikkje veit korleis personen har blitt smitta.