POENGTAP: Kaupanger fekk med seg eit poeng heim etter at dei låg under to gongar under kampen. Foto: Arkiv.
POENGTAP: Kaupanger fekk med seg eit poeng heim etter at dei låg under to gongar under kampen. Foto: Arkiv.

Første poengtap for Kaupanger

Etter to strake sigrar i serien blei det poengdeling mot Arna-Bjørnar 2.

Arna-Bjørnar 2 - Kaupanger 2 - 2

Kaupanger: Det var Arna-Bjørnar som leia kampen to gongar, men på overtid i begge omgangane slo Kaupanger tilbake. Det var Tea Berteig som skåra Kaupanger sitt første mål og Birte Øvsthus som redda bortelaget frå eit tap.

Trenar Øystein Lindesteg Rinde var ikkje fornøgd med det eine poenget. – Vi burde ha vunnet. Vi hadde mange målsjansar og skulle ha skåra fleire. Men når ein ligg under med 2-1 to minutt før slutt så må vi vere fornøgd med at vi viser viljen til å komme tilbake.

Neste kamp er allereie på onsdag heime mot Førde. – Vi har ein stor stall, så Førde kjem til å få det tøft for å seie det slik, seier Rinde om onsdagens kamp. – Vi må fortsette å gjere det vi gjer og vere endå meir roleg. 

Til toppen