PÅ TINGET: Slik det ser ut måndag kveld, tar Frida Melvær (H) det tredje mandatet i Sogn og Fjordane som det har vore knytt slik spenning til. (Bilde: Ådne Dyrnesli/NRK)

Stortingsvalet 2017

Første prognose: Melvær (H) torer ikkje å sprette sjampanjen enno

Årdal: Den første prognosen frå Valdirektoratet viser at Erna Solberg ligg an til å halde fram som statsminister. Dei borgarlege kan få 89 mandatar.

NB! Tala er ikkje oppdaterte. Du kan følgje tala etter kvart som dei endrar seg her.

Dermed ligg det an til eit relativt solid fleirtal for den borgarlege sida med Høgre (25,6 prosent), Framstegspartiet (15,2 prosent), Venstre (4 prosent) og Kristeleg Folkeparti (4 prosent).

Porten.no er tilstades på valvaka på Tya Bar i Årdal. Der er det overvekt av partimedlemmar frå raudgrøn side. Berre Kurt Jevnaker (V) kunne nikke nøgd, sjølv om det er med ein liten bismak.

– Det er me godt nøgde med. tendensen i første prognosen er veldig bra. Det er dette me har jobba for i heile valkampen med nytt fleirtal og med Erna som statsminister. Samstundes skulle eg ønskt Venstre var litt høgare. Eg ser dei vakar rundt sperregrensa. Det er me ikkje nøgde med før me er på trygg grunn, men det er veldig jamnt og umogleg å trekka slutningar allereie no, seier han.

Avventande

Resultatet betyr også at i skrivande stund har Frida Melvær (H) frå Askvoll det tredje stortingsmandatet frå fylket som det var knytt så stor spenning til.

– Det er utruleg hyggeleg, men ein må ha med at dette er førehandsrøyster og at ingenting er gitt enno. Eg vil ikkje ta sigeren på forskot. Elles ligg eg an til å ta den eine stortingsplassen, men eg er veldig avventande. Her er det snakk om marginar, seier hi til Porten.no.

– Heilt forferdeleg

På motsett side er Arbeidarpartiet det største partiet i landet, men har ein nedgang og ligg førebels på 27,9 prosent. Senterpartiet er vinnarane i Sogn og Fjordane, og på landsbasis har dei førebels fått 9,8 prosent av røystene. SV er over sperregrensa med 5,9 prosent, medan MDG og Raudt er under med høvesvis 3,2 og 2,6 prosent.

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg. Det kan godt henda at som fagforeningsmann og ser litt lenger framover, men dette vil gå på bekostning av arbeidslivspolitikken. Den norske modellen med trepartsamarbeid er truga. Det har me sett i fire år, seier leiar i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl, til Porten.no.

Prognosen er basert på 394 av 426 kommunar og omfattar 27,9 prosent av dei røysteføre.

Frammøtet blir anslått til 76,3 prosent, ifølgje prognosen.

Saka vert oppdatert.

Til toppen