I mai kjøpte Eirik Kinserdal ny temposykkel, der han brukte midlane han fekk av Årdalsnett. Forrige veke testa han sykkelen for første gong i eit ritt.
Les også: Kinserdal går framtida i møte med ny temposykkel
Fornøygd med sykkelen

Kinserdal fortel at han har deltatt på Tour de Hallingdal før, men i år med ny temposykkel.
– Dette var første ritt på temposykkelen, og den funka bra! Eg har fått trent ein del på den sida eg fekk den i mai!
– Det vart 3. Plass samanlagt i årets ritt, men det var ikkje så mange påmeldte i juniorklassen. Difor ser eg på rittet som god trening mot hausten.
I august skal syklisten delta på Norgescup 4 i Stjørdal. Der satsar han på topp 20 eller topp 10.