FØRSTE SKULEDAG: 1. klasse Tangen skule 2017 - 2018. Framme frå venstre: Leonora, Julie, Ida, Emma, Linea, Olai, Eva, Nikoline, Noah. Andre rekke frå venstre: Jannicke Hunshammer (kontaktlærar ), Lea, Mats, Maria, Jonas, Kasper, Jan Eik, Vincent, Jenny, Tia Madelen, Lisbeth Halvorsen ( kontaktlærar ). Tredje rekke frå venstre: Håkon, Katarina, Noah, Ingrid, Kristian Jan, Jenny, Adrian, Sunniva, Ida Marie.
FØRSTE SKULEDAG: 1. klasse Tangen skule 2017 - 2018. Framme frå venstre: Leonora, Julie, Ida, Emma, Linea, Olai, Eva, Nikoline, Noah. Andre rekke frå venstre: Jannicke Hunshammer (kontaktlærar ), Lea, Mats, Maria, Jonas, Kasper, Jan Eik, Vincent, Jenny, Tia Madelen, Lisbeth Halvorsen ( kontaktlærar ). Tredje rekke frå venstre: Håkon, Katarina, Noah, Ingrid, Kristian Jan, Jenny, Adrian, Sunniva, Ida Marie. (Bilde: Øyvind Heggheim)

– Første skuledag er alltid kjempestas

For rektor ved Tangen skule, Jan Kåre Stedje, blir aldri første skuledag berre «rutine». I år fekk han også rektorkjede av borna.

Årdal: – Det er tiande gongen eg er med på å ta i mot nye førsteklassingar, og det er faktisk kjempestas – ein viktig dag for skulen, elevane og dei vaksne. Eg ser ut på flagget no og det vaiar fantastisk flott.

I år kunne han også ønskja heile 27 førsteklasseelevar velkomne

– Det er ein stor klasse som byrjar i år. Det har det vore dei par siste åra, og blir dei par komande åra også. Så veit me at elevtala går i bølgjer, men over tid held me oss stabilt på snitt.

Første skuledag med mellom anna rektors tale, fotografering og helserundar med dei nye elevane er ei høgtidsstund

– Så er det ein fin balanse mellom at ein ikkje skal gjera elevane nervøse og samstundes  markera at det er høgtid for skulen. Det skal me ikkje ta lett på, og det gjer me ikkje heller.

REKTORKJEDE: Jan Kåre Stedje fekk eit eige rektorkjede som fjorårets 4. klasse ved Tangen skule hadde laga.
REKTORKJEDE: Jan Kåre Stedje fekk eit eige rektorkjede som fjorårets 4. klasse ved Tangen skule hadde laga.

I år fekk også Stedje eit rektorkjede overrakt, laga av fjorårets 4. klasse ved skulen.

– Det var litt spesielt denne gongen. Ordføraren var her med kjede ved eit høve førre skuleår, og då tykte elevane at rektor skulle ha kjede også. Det skal vera til staselege begivenheiter, og det var det i dag. Dette er eit flott, enkelt kjede med ein del merkelappar som symboliserer korleis born og vaksne skal fungera i lag, det går på slikt som trivsel og tryggleik, så her var ingenting tilfeldig. ekstra stas når. laga av 4. klasse

– Då ligg vel alt til rette for eit godt skuleår ved Tangen skule?

– Det er det me prøver på, så det både håpar me og har god tru på.

Til toppen