STARTSKOT: Spadestikket vart gjennomført der den nye E16-traséen tek av frå eksisterande veg, rundt ein halv kilometer aust for tettstaden Øye. Pressefoto
STARTSKOT: Spadestikket vart gjennomført der den nye E16-traséen tek av frå eksisterande veg, rundt ein halv kilometer aust for tettstaden Øye. Pressefoto

Første spadestikk for siste rest av Filefjell

Tysdag ettermiddag vart første spadestikk markert på Øye-Eidsbru, den austlegaste kontrakta på E16 Filefjell.

– Å få ein utbetra E16 frå Sandvika til Bergen er særs viktig. Bagn-Bjørgo startar opp seinare i haust, og i dag markerer me oppstart her i Øye. Det er ein stor dag både for kommunen, og for meg som innbyggjar i Øye, sa ordførar Vidar Eltun i Vang under tysdagens markering for oppstarten på arbeidet.

Prosjektet ligg i Vang kommune, og er ein del av opprustinga av E16 mellom Borlaug i Sogn og Fjordane og Øye i Oppland. E16 går i dag gjennom Øye sentrum, har låg standard og dårleg kurvatur (slyng) for å ta stigninga frå Vangsmjøsa og opp mot Eidsbrune og Strøndafjorden.

To kilometer lang tunnel  

Den nye traseen tar av frå eksisterande veg ca 1,5 km aust for Øye kyrkje, går opp og bak busetnaden i Øye og inn i ein to km lang tunnel litt aust for elva Rødøla. Den nye vegen kjem inn att på eksisterande E16 ved Strøndafjorden like nord for Eidsbru.

Regionvegsjef Per Morten Lund i Statens vegvesen Region øst presiserte at vegvesenet er oppteken av at prosjektet skal bli ferdig til avtalt tid, hausten 2018. Men også at entreprenør leverer rett kvalitet til avtalt pris.

– Men aller viktigast er det at me lykkast med helse, miljø og sikkerheit. Målet er å unngå ulykker og at alle som jobbar med prosjektet skal komme heile heim, sa Lund.

Entreprenør er Austerrike-baserte Strabag.

– Det er ein stor dag for Strabag. Dette er vår første kontrakt med Statens vegvesen og vårt første prosjekt der me står heilt aleine i Norge, sa prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag AG.

 

Til toppen