KULTURHUS: Kristin Rundsveen Bøtun (Sp) leiar i komité for samfunnsutvikling.
KULTURHUS: Kristin Rundsveen Bøtun (Sp) leiar i komité for samfunnsutvikling. (Foto: Privat)

MEININGAR

Første steg mot eit revitalisert kulturhus for Indre Sogn!

«Med tilrådinga som i dag ligg føre, er første milepæl nådd. No, snart 30 år etter opninga, har vi teke dei første stega på veg mot eit revitalisert kulturhus».

Meiningar: Organisering av kulturhuset har fleire gonger tidlegare vore oppe til politisk behandling, og no er tida moden for ei endring. Det var ein spanande diskusjon i komite for samfunnsutvikling, der vi saman meisla ei retning for ambisjonane vidare. Eg trur at dei beste politiske vedtaka vert laga i fellesskap. Vi som lokalpolitikarar ynskjer jo det beste for kommunen vår, sjølv om vi kan vere litt uenige om vegen dit. Difor er det gledeleg at eit tverrpolitisk fellesskap i komite for samfunnsutvikling peika ut ei ny retning for kulturhuset vårt.

Ei takk til styret i Sogndal kulturhus AS, som sette igong prosjektet og peika på utfordrande sider ved dagens kulturhusdrift. Kommunestyret i gamle Sogndal fekk ballen til å rulla med løyvinga som resulterte i den omfattande rapporten om kulturhuset vårt og vegen vidare. Prosjektgruppa har gjort ein grundig jobb.

Breiare kultursatsing

Vi har òg to råd som har uttala seg i saka, og er einige tilrådinga. Kulturrådet understrekar at meir areal skal nyttast til kulturføremål, og meiner det er behov for å auke ambisjonsnivået til Sogndal kulturhus, og auke dei økonomiske rammene. Kulturrådet seier òg at dei ynskjer at Sogndal kulturhus skal vere ei drivkraft og inspirasjon for generelt kulturarbeid for heile kommunen og for andre kulturhus i kommunen. 

Sogndal ungdomsråd ynskjer breiare kultursatsing i Sogndal kulturhus, med t.d. visuell kunst. Dei ynskjer at det vert satsa på meir breidde innan kultur for ungdom, og at det skapast gratis møteplassar for ungdom for å utfalde seg kulturelt, og at tilbodet elles er slik at ungdom har råd til å bruke det. Ungdommen er framtida vår, og det er viktig at vi både er attraktive og klarer å engasjere dei til å bidra i fellesskapet. Det er flott at vi får gode innspel frå råda våre, det auker medverknaden frå innbyggjarane våre, og gjer at vi får ein betre og breiare prosess.

Kulturhus for alle

Sogndal kommune skal vere ein motor for vekst og utvikling i regionen. Kultur er en lovpålagt oppgave, og det offentlige har ansvar for å skape rammer for at eit mangfold av kulturelle og kunstneriske uttrykk skapes og formidles. Sogndal kulturhus er eit regionalt kulturhus, og vi som regionsenter må syte for at den kulturelle storstova òg framover skal klara å vera den kulturelle motoren og limet som samlar innbyggjarane til store kulturarrangement og gode opplevingar. Vi skal ha eit kulturhus for alle.

Eit samfunn treng eit mangfald av kultur. Kultur skaper stedsattraktivitet, og det fremmar mangfold. Eit kulturelt mangfold fremmer utvikling og økonomisk vekst, det gir auka toleranse, heterogenitet og kreativitet. Det er eitt samfunnsanliggende å skape de gode arenaene for kulturelt mangfold, og kulturhuset er ein viktig kommunalt og kulturpolitisk redskap. Kulturhuset bør i større grad nyttast kulturaktivitet – spesielt frivillige lag og organisasjonar innan kulturlivet lyt få meir plass. Eg ynskjer at våre born og unge skal få moglegheit til å kjenne på meistringsfølelse ved å stå på ei storscene framfor eit stort publikum. Kulturhuset vårt er òg ein profesjonell arena, og det er viktig å finne balansen der ein kan vere ein arena både for profesjonelle og amatører, med profesjonell drift.

Milepæl er nådd

Kulturhuset vårt treng eitt klart mandat, og mandatet å gjenspeile kulturens samfunnsmessige verdi.

Det er brei einigheit om at det lyt prioriterast å ruste opp Sogndal kulturhus for framtida. Som styret seier: det lyt arbeidast planmessig. Det krevst m.a. investeringar i bygg, utstyr og møblar, og det må prioriterast mellom ulike tiltak. Det bør lagast ein langsiktig investeringsplan, t.d. ein 10-årsplan, som gjer at ein får ei samla oversikt over nødvendige og ynskjelege investeringar.»

Det gjeld både kulturinnhald, driftsorganisering og kommunalt engasjement.

Det er eitt stort potensiale i å søkje ulike utviklingstiltak, og eg må berømme administrasjonen for stort engasjement og rask reaksjonsevne. 

Med tilrådinga som i dag ligg føre, er første milepæl nådd. No, snart 30 år etter opninga, har vi teke dei første stega på veg mot eit revitalisert kulturhus.

Til toppen