STOLT SVENN: Då Porten.no spurde om kva John Kenneth Haugane skal i helga var svaret klart. Haugane skal feire. Foto: Ina Eirin Eliassen
STOLT SVENN: Då Porten.no spurde om kva John Kenneth Haugane skal i helga var svaret klart. Haugane skal feire. Foto: Ina Eirin Eliassen

Første svennebrev i faget på 16 år

Fredag sikra John Kenneth Haugane (20) seg svennebrev i Ventilasjon- og blikkenslagerfaget som lærling hos Årdal Blikkenslagerservice AS.

– Det er 16 år sidan nokon i Årdal har teke svenneprøve i dette faget, fortel Anne Kauppi, dagleg leiar av Sogn opplæringskontor, som hjelper skuleelevar med å skaffe seg lærlingplass.

Ei heil veke

Haugane, som er frå Sogndal, har valt yrkesvegen Bygg- og annleggsteknikk det første året på vidaregående, andre året gjekk han Klima-, energi- og miljøteknikk, før to år som læring hos Årdal Blikkenslagerservice AS. Haugane syns jobben er kjekk og variert, og han trivst med dei tilsette. 

Svenneprøva starta måndag, mens fredag ettermiddag var Haugane endeleg i mål. Han innrømmer at han har vore nervøs for om han ville greie prøva.

Svenneprøva bestod av å lage tre overgangar mellom røyr, ein tappekum for å renovere takrenne, ein luftehatt (sjå bilete under) pluss ei teoretisk prøve. 

Resultatet etter svenneprøva til John Kenneth Haugane.

– Kva er utfordringane når du lagar desse?

– Ein må bruke hovudet heile tida og vera nøyaktig. Ingenting er ferdig på førehand, eg lagar dei ut i frå ei flat metallplate, forklarar Haugane. 

NO DET STARTAR: - Dette er berre starten, seier Peter Poulsen (t.h.) til John Kenneth Haugane. 
NO DET STARTAR: - Dette er berre starten, seier Peter Poulsen (t.h.) til John Kenneth Haugane. 

Peter Poulsen, har hjelpt Haugane med den teoretiske biten av faget mot slutten av læretida.

– No kan du vera stolt. Det er ikkje så enkelt som folk trur og teoribiten krev mykje tid. Heldigvis blir det no stilt høgare krav til bygg, slik at ein unngår skrekkeksempela, seier Poulsen. 

Fekk jobb på flekken

– Kva skjer vidare? Har du sikre deg jobb?

Haugane er ikkje heilt sikker. Ein av dei tilsette går for å hente sjefen, Willy Jensen, som raskt kjem ned i hallen til Årdal Blikkenslagerservice.

NØGD: Willy Jensen er godt nøgd med å sikre seg Haugane som tilsett i bedrifta på Årdalstangen.  
NØGD: Willy Jensen er godt nøgd med å sikre seg Haugane som tilsett i bedrifta på Årdalstangen.  

– Jau, klart det er jobb til han her. Det er så kjekt at han klarte prøva. Det spørs no om eg har råd til å ha han, seier Jensen mens han gluggler. 

Ein letta og blid Haugane takka sjølvsagt ja til jobben. Latteren sitt laust i hallen, og fleire tilsette er borte for å gratulere han. 

– Kva betyr det å få Haugane med vidare?

– Det betyr mykje å få med fleire fagfolk. Me driv i eit fag med rift om fagfolka og få lærlingar, seier Jensen.  

Kauppi legg til at dei fleste bygg i stat og kommune må bedrifta ha fagfolk for å få vera med på anbod. Derfor er det viktig å løfte fram nytta av yrkesfaga.  

Til toppen