ELDPRØVE: Mathias Flo og Fjøra får i kveld den første eldprøva i Regionligaen mot Aalesund 2. Foto: arkiv.
ELDPRØVE: Mathias Flo og Fjøra får i kveld den første eldprøva i Regionligaen mot Aalesund 2. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Første test for Fjøra i serien – møter Aalesund 2 i kveld

Før seriepremieren i Regionligaen er trenar Håvard Hatle sikker på at dei skal unngå nedrykk.

Sogndal: Fjøra har hatt ein god vinter med seks sigrar på åtte treningskampar. Dei to tapa kom mot førstedivisjonslaget Florø og divisjonskollega Fyllingsdalen, sidan har det blitt to strake sigrar i cupen mot Skavøypoll og Årdal.

No er det derimot alvor. Når Fjøra tek imot Aalesund 2 på Fosshaugane Campus i kveld er det startskotet for ein ny sesong som soleklare underdogar.

AVSLAPPA TYPE: Fjøra var det svakast plasserte laget som greidde opprykk til Regionligaen. Likevel er ikkje trenar Håvard Hatle uroa før seriepremieren. – Eg stolar på spelarane, seier han.
AVSLAPPA TYPE: Fjøra var det svakast plasserte laget som greidde opprykk til Regionligaen. Likevel er ikkje trenar Håvard Hatle uroa før seriepremieren. – Eg stolar på spelarane, seier han.

 – Vi veit aldri kva andrelaga kjem med, det veit du først ein time før kampstart. Men med heimekamp så får vi satse på å ta kommandoen utpå der, slik at dei må ta omsyn til oss og ikkje omvendt, seier trenar Håvard Hatle om motstandaren i den utsette kampen.

Les også: Superscoring frå Flo då Fjøra slo Årdal
Les også: Fjøratrenaren har henta fleire solide forsterkingar

Går for kjappe trettifem poeng

Åtte lag tjuvstarta den nye regionligaen i helga. Hatle var på plass og såg Os mot Spjelkavik spele 2-2. Han trur det blir generelt mange jamne kampar i årets sesong og registrerer at nivået er høgt.

– Vi har ikkje råd å slappe av, men må vere på tå hev veke ut og veke inn skal vi sanke poeng. Så målet får vere å fortast mogleg få tak i dei trettifem poenga vi mest truleg treng å halde oss. Så får vi heller justere etter kvart, viss det går betre, seier Hatle.

– Kor stor er trua på at de greier å berge plassen?

– Viss vi ikkje har trua, så hadde vi ikkje trengt å drive på med dette. Spelarane har dei to siste åra vist kva dei kan. Men det krev rett innstilling og beinhard jobbing i trening og kamp. Men det trur eg dei er innstilte på, seier Hatle.

Sikker på å unngå nedrykk

– Kven reknar du som favorittar i avdelinga?

– Eg seier som Frode Fagermo (trenar for Spjelkavik, journ. anm.): det vil vere ei katastrofe viss ikkje Brattvåg rykker opp, når dei brukar så mange millionar som dei gjer, med heiltidslønna spelarar og trenarar og det meste.

Når det gjeld å plukke laga som vi kan forvente å kjempe i botnen er fjøratrenaren langt meir tilbakehalden.

– Det einaste eg veit er at Fjøra ikkje endar blant dei fire siste plassane. Kven det blir skal eg ikkje meine så mykje om, men vi skal ikkje vere eitt av dei, seier han.

Til toppen