Sogndal: I september fekk Nordbohus Sogn tildelt beviset på at dei no er sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift.
Dette kjem etter at selskapet har jobba mykje med dokumentering av arbeid med avfall på byggjeplassar og andre tiltak for miljøet, skriv dei i ei pressemelding.
– Me er den første tømrarbedrifta i Sogn og Fjordane som har denne utnemninga, seier Dag Loftesnes, dagleg leiar i Nordbohus Sogn.
– Stolte
Nyleg fekk Nordbohus Sogn godkjent sertifisering som Miljøfyrtårn. Ordførar Jarle Aarvoll var tilstades for å overrekka beviset.
Heidi Fossnes Helle har vore prosjektleiar for arbeidet med miljøsertifiseringa.
– Me er særs stolte over denne flotte utmerkinga og det gode arbeidet som ligg bak. Dette er viktig, både for miljøet og for å synleggjera Nordbohus som ein aktør for framtida. Miljørett drift er i ferd med å bli ein marknadsførbar kvalitet, også i byggenæringa.