Sogndal - Førde 2 32-13:
– Det er ein lagsiger, der forsvarsjobben er knallbra, seier trenar Ole Kristian Gjerdstad.
Den sterkaste prestasjonen til Sogndal var forsvarsjobben som blei gjort. Sjølv om det glapp inn 4 mål dei siste 10 minutta, var det totalt berre 13 ballar som måtte bli henta ut av målet til Sogndal.
– Vi slepp inn sju mål før pause, og berre seks etter pause. Det er veldig sterkt gjort, seier Gjerdstad.
Allereie til pause var det ti mål forskjell mellom laga og då kampen var ferdig var det talet nesten dobla.
– Vi er sterke på kontringar og viser mykje energi. Vi dett litt nedpå på slutten, men det er vanskeleg å halde oppe energien gjennom heile kampen.
– Førsteplassen er ikkje noko fokus lenger
Sogndal ligg på andreplass, tre poeng bak Jotun. Årdølene har ikkje har tapt ein einaste kamp i år. Om Sogndal har lyst til å ta dei igjen, gjeld det å vinne kvar einaste kamp. Samstundes må Jotun tapa minst to kampar. Trenar Ole Kristian Gjerdstad er tydeleg på kva han tenker om førsteplassen.
– Førsteplassen er ikkje noko fokus lenger. No handlar det om å vinne kvar einaste kamp og fortsette å utvikle oss.