INNTEKTER I FARE: Framtidige kraftinntekter står på spel når Lærdal kommune og Forsvaret skal prøve å kome til semje om ei planlagt kraftutbygging i Tynjadalen.
INNTEKTER I FARE: Framtidige kraftinntekter står på spel når Lærdal kommune og Forsvaret skal prøve å kome til semje om ei planlagt kraftutbygging i Tynjadalen.

Forsvaret kan stoppe kraftutbygging i Lærdal

Ei kraftutbygging til hundre millionar står i fare viss Forsvaret nektar kommunen tilgang til Tynjadalen. Neste møte mellom partane kan bli avgjerande for om prosjektet blir noko av.

SPENT: Ordførar Jan Geir Solheim er spent men optimistisk med tanke på utfallet av det komande møtet med Forsvaret.
SPENT: Ordførar Jan Geir Solheim er spent men optimistisk med tanke på utfallet av det komande møtet med Forsvaret.

Lærdal: Forsvaret har i dag eit anlegg i Tynjadalen som blir brukt til å destruere ammunisjon. Dei er difor skeptiske til å opne opp for ei omfattande kraftutbygging i området.

Ordførar Jan Geir Solheim håpar på ei løysing på floka.

– Dette er såpass avgjerande for oss at eg blir svært overraska om Staten vil ta det ansvaret det er å stoppe det, seier han.

Felles interesser

Konkret går uroa til Forsvaret på regulering av opningstider og korleis dei skal kontrollere kven som har tilgang til dalen, bruk av mobiltelefonar i området, at byggjinga av inntaket til kraftverket kjem nær deira eigne installasjonar og at kraftleidningar må liggje ei viss avstand frå der detoneringa av ammunisjonen føregår.

Ordføraren har stor forståing for at Forsvaret er oppteken av tryggleiken.

– Vi snakkar om ammunisjon som er laga for å drepe menneske og den må handterast varsamt. Så vi har felles interesser. Det er ingen som ønskjer å risikere noko, seier han.

Hundre millionar i investeringar

Solheim seier kommunen no skal i møte Forsvaret for å prøve å kome til semje. Utfallet er avgjerande for om utbygginga vert noko av.

– Alt i alt er det ein fire-fem saker vi må løyse. Og det trur eg vi skal greie. Eg har god tru, seier han.

Lærdal slit med dårleg økonomi. Eventuelle kraftinntekter frå utbygginga ligg langt fram i tid, men det betyr likevel mykje for kommunen at prosjektet blir realisert.

– Vi snakkar om over 100 millionar i investeringar og eit viktig inntektspotensiale i framtida. Vi overtok fallrettane for mange år sidan. No har vi sjansen til å få noko tilbake, seier Solheim og legg til at saka òg er viktig for grunneigarane.

Til toppen