ALLEREIE TAPT?: Dersom intensjonsavtalen fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (f.v), fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal skreiv under på fører til Vestlandsregion vil Sogn og Fjordane fylkeskommune prøva å halda kraftressursane i fylket via eit holdingselskap. Arkivfoto
ALLEREIE TAPT?: Dersom intensjonsavtalen fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun (f.v), fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal skreiv under på fører til Vestlandsregion vil Sogn og Fjordane fylkeskommune prøva å halda kraftressursane i fylket via eit holdingselskap. Arkivfoto

Forsvinn kraftmilliardane inn i ein Vestlandsregion?

Eit holdingselskap knytt til Sogn og Fjordane fylkeskommune skal prøva å motverka dette, men tidlegare AP-politikar meiner slaget er tapt før det har starta.

Fylket: – Fylkeskommunen jobbar no for at kraftressursane skal følgja fylkesgrensene. Slik at når Sogn og Fjordane eventuelt opphøyrer som fylke, så skal kraftressursane liggja att. Så er det å finna nøkkjelen til korleis ein skal få til det, sa Hilmar Høl (Ap) til kommunestyret i Årdal 24.november.

Ei av sakene Fylkestinget handsamar på Leikanger tysdag 6.november er korleis fylkeskommunen sine aksjar i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) skal forvaltast i det vidare.

Fylkesrådmannen sitt framlegg er at desse aksjane blir overførde til selskapet Sogn og Fjordane Holding AS,. Poenget er å leggja til rette for at til dømes kommunane i dagens Sogn og Fjordane seinare kan få hand om aksjane.

Les også: Høl skulda for å driva høgrepolitikk: – Får vera måte på frekkheit

Les også: Sunn skepsis til Vestlandsregion

Eig 48 prosent

– Eit holdingsselskap knytt til fylkeskommunen er etablert. Sogn og Fjordane sitt samla fondsbeløp skal følgja fylket si utvikling. Det er 1,5 milliardar me snakkar om - verdiar som skal knyttast til utvikling av vår del av regionen, sa Høl til kommunestyret i Årdal. 

TALTE: Hilmar Høl (Ap) talte til kommunestyret i Årdal om vestlandsregionen 24.november og nemnde då holdingselskapet som det blir lagt opp til skal ta over fylkeskommunen sine SFE-aksjar. Arkiv
TALTE: Hilmar Høl (Ap) talte til kommunestyret i Årdal om vestlandsregionen 24.november og nemnde då holdingselskapet som det blir lagt opp til skal ta over fylkeskommunen sine SFE-aksjar. Arkiv

Det er kjent at Høl blir styreleiar i det nye holdingselskapet, men han understrekar overfor Porten.no at det ikkje er klart korleis ein skal sikra desse verdiane.

– Innretninga veit me ikkje, det er dette me skal jobba med i det vidare.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ein aksjepost i konsernet SFE AS på 48,15 prosent og er største eigar. Den bergensbaserte straumleverandøren BKK AS er den andre store eigaren. I tillegg er fleire kommunar i Nordfjord og Sunnfjord inne på eigarsida.

I fylkesrådmannen si tilråding til Fylkestinget står det: " Ein fordel med å ha aksjane i holdingselskapet før ei avklaring om framtidig regionsstruktur, er å synleggjere at dette er verdiar som er lausrivne frå fylkeskommunen si oppgåveløysing. Dette vil kunne gje vern mot framtidig lovgjeving/føringar frå sentralt hald i samband med ev. endringar i det offentlege forvaltningsnivået.

Med eit slik organisering av aksjeposten i SFE AS vil kraftverdiane også i framtida kunne kome innbyggjarane i fylket til gode."

Trøblete forkjøpsrett

Lenger nede i tilrådinga frå fylkesrådmannen heiter det: "Ved overføring av SFE - aksjar vil dei andre aksjonærane ha forkjøpsrett til aksjane. Det vil gjelde BKK AS og sju kommunar."

Men ein unntaksregel i aksjelova som gjeld overdraging av aksjar til eit dotterselskap gjer at BKK AS og dei sju kommunane ikkje får forskjøpsrett i dette tilfellet, går det fram av det vidare - fordi eit slikt holdingselskap vil vera å rekna som eit dotterselskap til fylkeskommunen.

Men, så er det eit "men": "Dersom aksjane i holdingselskapet blir overført vidare til kommunane eller andre rettssubjekt, vil spørsmålet rundt forkjøpsretten bli meir kompleks."

Firda omtala desse "milliardverdiane" laurdag der den tidlegare fylkestingsrepresentanten for Ap og styreleiar i Sunnfjord Energi Harry Mowatt ikkje ser bort frå at avviklinga av dagens fylkeskommune i seg sjølv kan løysa ut BKK sin forkjøpsrett.

– Men dette er finjuss, og eg skal ikkje vera bombastisk, seier han til avisa. 

Sp får skulda - og sler tilbake

Likevel meiner han altså slaget om Sogn og Fjordane sine energisressursar er tapt:

– Det vil berre vere eit tidsspørsmål før SFE fusjonerer inn i BKK, fordi BKK vil kome til å ha meir enn to tredelar av eigarskapen. Seinare vil Sunnfjord Energi og Sognekraft bli pressa inn i BKK, fordi desse to selskapa kjem til å sitje med ei skyhøg nettleige, samanlikna med den BKK kan legge seg på, seier Harry Mowatt.

Dette hevdar Mowatt overfor Firda kunne ha vore unngått dersom SFE fekk fusjonera med Sunnfjord Energi for ti år sidan - sist gong det var snakk om ein Vestlandsregion. Då var BKK viljuge til å seia frå seg forkjøpsretten:

– Hadde dette skjedd, ville fylkeskommunen i dag stått fritt til å dele ut aksjane sine gratis til kommunar, eller til å overdra dei for ein symbolsk pris. Men i fylkestinget vart fusjonen torpedert av eit fleirtal med Senterpartiet i spissen, seier han.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) på si side meiner den kinkige situasjonen fylkeskommunen no er oppe i i høve BKK aldri ville ha vore tema dersom dei hadde fått gjennomslag den gongen fylkeskommunale aksjar vart selde til det bergensbaserte kraftselskapet:

– Vi var usamde, og røysta mot, den gongen fylkeskommunen selde SFE-aksjar til BKK. Hadde ikkje dette salet skjedd, ville ikkje BKK hatt den forkjøpsretten dei sit med. Det finst moglegheiter, og det finst forhandlingsløysingar. No jobbar vi med å kartlegge alternativa, seier ho til Firda.

Til toppen