VIKTIGE INNTEKTER: Målrock generer viktige inntekter for det frivillige livet i Årdal. For Årdalstangen idrettslag sin del er det snakk om heile 100.000 kroner, fortel Anne Kauppi.
VIKTIGE INNTEKTER: Målrock generer viktige inntekter for det frivillige livet i Årdal. For Årdalstangen idrettslag sin del er det snakk om heile 100.000 kroner, fortel Anne Kauppi. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

– Forsvinn Målrock, forsvinn eit stort inntektsgrunnlag for idrettslaget

Billettsalet til årets Målrock gjekk ikkje som venta. Det kan få store ringverknader dersom det betyr kroken på døra for festivalen.

Årdal: Det var ein skuffa festivalsjef som opplyste til Porten.no at billettsalet ikkje hadde gått som venta til årets Målrock. For første gong var torsdagen best med 1500 som tok turen til Meiriparken. Fredag og laurdag hadde festivalen høvesvis 1300 og 1400 innanfor portane.

– I utgangspunktet er me ikkje nøgd med det, sa Thomas Norheim Moen til Porten.no og la til at dei no må vurdera kva dei skal gjera med framtida til festivalen som har vore eit fast august-innslag i over ti år.

Festivalhelga dreg mange heim til bygda i tillegg til at mange kjem reisande frå heile landet for å få med seg musikken. Men det gir også ringverknader mot idrettslaga, som hentar mykje av inntektene sine her.

– Dette er den dugnadshelga som gir oss mest inntekter av alle, seier Anne Kauppi i Årdalstangen idrettslag.

100.000 kroner i inntekter

Rundt 150 personar har vore i sving for idrettslaget denne helga. Dei siste åra har det gitt over 100.000 kroner i inntekter.

– For dei kronene får me til dømes all som me leiger av baneanlegg til trening og kamp for våre aldersbestemte lag som fotball og handball, forklarar ho.

Etter at Porten.no skreiv om billettsalet søndag, har reaksjonane vore mange på Facebook-posten. Nokre meiner årets artistar ikkje var fristande nok, medan andre tykte det rett og slett vart for dyrt. Samstundes har mange gått inn på Facebook-sida til festivalen og gitt han fem stjerner for å syne at dei er nøgde.

Påverkar økonomien

Éin ting alle verkar å vera samde om – dei ønskjer ikkje at festivalen skal forsvinna. Det same seier Kauppi.

– Konsekvensen blir at me må finna andre dugnader som kan generere same inntektssummen, eventuelt må medlemskontigent og eigenandelar hevast. 

Tidlegare i sommar var Fjord til fjell i liknande fokus, då ein skuffa idrettslagsleiar gjekk ut i pressa og tykte det var synd at det lokale næringslivet ikkje stilte meir villig opp. Dette er eit arrangement ÅTIL arrangerer. Også her skal det gjerast ei vurdering på om det er liv laga.

– Ja, det må me. Me må tena pengar på den også, men den vurderinga har me ikkje tatt, så den kjem nok på eit av dei første styremøta i haust, seier Kauppi.

Til toppen