HISTORISK REISE: Bjørn Lindland, leiar i Sogelaget, fortalde onsdag om historia til Årdal kyrkje.
HISTORISK REISE: Bjørn Lindland, leiar i Sogelaget, fortalde onsdag om historia til Årdal kyrkje. (Bilde: Snorre Sandemose)

Fortalde om 150 år med kyrkjehistorie i Årdal

I år er det eit halvanna hundreår år sidan Årdal kyrkje vart bygt, vigsla og teken i bruk. 

Årdalstangen: I år er det 150 år sidan Årdal kyrkje vart bygt, vigsla og teken i bruk. Ein eigen komite har jobba hardt for å heidre jubilanten gjennom året og onsdag vart det halde føredrag om kyrkja i regi av Årdal sogelag.

GRATIS FEIRING: Leiv Myklemyr, leiar for jubileumskomiteen, seier det har vore viktig for dei at arrangementa i jubileumsåret har vore gratis.
GRATIS FEIRING: Leiv Myklemyr, leiar for jubileumskomiteen, seier det har vore viktig for dei at arrangementa i jubileumsåret har vore gratis. Foto: Snorre Sandemose

– Alle fem arrangementa i høve jubileet er gratis, og det syntest vi var viktig å få til. Vi har kollekt på gudstenestene, men tykte det ville vere fint å kunne tilby desse kulturelle jubileumstilboda i år utan å ta betalt, seier Leiv Myklemyr, leiaren for jubileumskomiteen og medlem av soknerådet.

Onsdag stod han ved dørinngangen til kyrkjelydshuset og helsa folk varmt velkomne.

Stavkyrkja stod på den same tufta

Tidlegare i år har to av Årdal sine verkeleg store musikalske søner, Karl Seglem og
Håkon Høgemo, halde kyrkjekonsert til ære for jubilanten. Og Kyrkjerottene har hatt
dokketeaterframsyning. Og i desember skal kantor Freek Ypma halde orgelkonsert.

– Det vert ei fin hending i adventstida, trur Myklemyr.

– Alt dette klarar vi å få til takka vere at lokale verksemder og bankar stiller opp, seier
han.

Det femte og siste arrangementet vert jubileumsgudstenesta i desember. Myklemyr seier det er nettopp i den månaden det er 150 år sidan kyrkja vart vigsla.

Det var Bjørn Lindland frå sogelaget som heldt føredraget om kyrkja, i kyrkjelydshuset.
Også dette kvite grannebygget til kyrkja feirar jubileum i år. Det vart bygd for femti år sidan, då som Tangen bedehus. 

FLOTT JUBILANT: Årdal kyrkje er 150 år.
FLOTT JUBILANT: Årdal kyrkje er 150 år.

Lindland fortalde at Årdal kyrkje står på den same tufta som den gamle
stavkyrkja stod på. Ho vart riven ned i 1851, for då hadde det kome pålegg frå sentralt hald om at alle kyrkjer i landet skulle kunne romme tre tidelar av kyrkjekrinsane sine. Den gamle stavkyrkja vart soleis for lita.

Eit stykke norsk arkitekturhistorie

Lindland synte fram gamle bilete av dagens Årdal kyrkje, bygt etter same modell som mange andre kyrkjer bygde i Noreg på same tida. Dei tilhøyrde den andre standardtypen. Den fyrste standardtypen, som også kom ved midten av 1800-talet, var dei lange, kvite trekyrkjene teikna av arkitekt Hans von Linstow. Båe desse kyrkjetypane er framleis vanlege kringom i norske bygder. 

Kyrkja i Årdal og dei andre kyrkjene som høyrer til den andre standardtypen, er teikna av arkitekt Christian Christie, arkitekten som hadde overoppsynet med restaureringa av Nidarosdomen på den tida. Trekyrkjemodellen til Christie er inspirert av sveitserstil på utsida. På innsida lèt Christie kyrkjemodellen sin få eit vagt stavkyrkjepreg. Veggene og reisverket til kyrkja vart bygde på austlandet. I Årdal sette so lokale arbeidskarar kyrkja  saman som eit byggesett.

Nokre få år før ho vart stilt ferdig, i 1863, fekk Årdal sin fyrste sokneprest til bygda sidan reformasjonen, Jørgen Julius Schøtz. Om årdølene skreiv han i dagboka si etter at han hadde kome fram: «Eit folk som jobbar hardt for sitt daglege brød».

Til toppen