Fortrylla born

Latteren satt laust hjå born og vaksne då Alexander Haugaas frå Tryllefabrikken vitja Årdalsenteret laurdag. 

Yvonne Romøren, senterleiar ved Årdalsenteret
BORN I FOKUS: Til vanleg appelerar Årdalsenteret mest til dei vaksne, men når dei arrangerar "Barnas dag" er det borna som er i fokus. 
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Årdal: Det tok ikkje mange minuttane frå showet byrja, til den fyrste latterkula kom blant publikum. Sjølv om tryllinga var retta mot borna, var det mange vaksne som hang seg på for å sjå festlegheitane til tryllekunstnaren Alexander Haugaas.

Sjå biletegalleri øvst i saka.

– Det verkar som om folk hadde det kjekt, seier Yvonne Romøren, senterleiar ved Årdalsenteret.

Attende til borna

Romøren ynskjer å gje eit tilbod til borna også, sidan butikkane og tilbod generelt sett appelerar meir til dei vaksne. Ved å arrangere ein dag for borna, håpar ho på å gje noko attende til borna og familiane som brukar senteret. 

Trylleshowet var fengande og magikaren evna å engasjere borna frå start til slutt. Borna vart involvert gjennom heile showet, og dei fekk anledning til å prøve å avsløre korleis tryllekunstnaren klarte å trylle vekk dei ulike objekta. 

Alle ansikta bar preg av stor undring og fascinasjon kvar gong eit objekt bytta plass eller forsvann. 

 

Til toppen