NYTT FORUM: 25. april hadde Forum for Seniorsjukepleiarar i Sogn og Fjordane (FFS) sitt første årsmøte. Pressefoto 
meiningar
NYTT FORUM: 25. april hadde Forum for Seniorsjukepleiarar i Sogn og Fjordane (FFS) sitt første årsmøte. Pressefoto 
meiningar

Forum for eldre sjukepleiarar i fylket

– Formålet med forumet er mellom anna å legge til rette for sosialt fellesskap, være informasjonsforum og kontaktforum for relevante saker for seniorsjukepleiarar, skriv Else Frøynes, leiar Forum for Seniorsjukepleiarar i Sogn og Fjordane.

  • Endret

Mandag 15. april 2015 heldt Forum for Seniorsjukepleiarar i Sogn og Fjordane (FFS) sitt første årsmøte. Forumet vart stifta 9. januar 2014. Første året har styret bl.a. arbeidd med å verve medlemmar til forumet. Sjukepleiarar frå fylte 55 år og oppover og som er medlem i Norsk Sykepleierforbund, kan verte medlemmar. Det er gratis å vere medlem i forumet.

Over 20 medlemmar har meldt seg inn hittil, men vi håpar at mange fleire vil melde seg inn etter kvart. Ein kan melde seg inn via link på NSF sine heimesider, evt. ved å ta kontakt med lokalkontoret i Førde.

Til årsmøtet i år var vi heldige og fekk besøk av Karin Woldseth frå Landslaget for Offentlige Pensjonister (LOP) som holdt et interessant foredrag om sitt arbeid i LOP. Landslaget for offentlige pensjonister (LOP) er en politisk nøytral organisasjon for tidligere offentlige ansatte, som nå er gått over i pensjonistenes rekker. Som medlem i NSF har ein muligheit til å melde seg inn i LOP og motta medlemsbladet Vi i LOP gratis.

Styret i FFS arbeider med å arrangere eit medlemsmøte til hausten der ein samstundes vil legge inn ein tur/utflukt ein stad i Sogn og Fjordane. Nærare opplysning om dette vil ein etter kvart kunne finne på heimesidene til NSF Sogn og Fjordane.

Else Frøynes, leiar Forum for Seniorsjukepleiarar i Sogn og Fjordane (FSS) 

Til toppen