UNDRAR: Aleksander Øren Heen (Sp) og Kurt Jevnaker (V) stilte seg begge undrande til snuoperasjonen Arbeidarpartiet har gjort i kraftsaka i Nundalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UNDRAR: Aleksander Øren Heen (Sp) og Kurt Jevnaker (V) stilte seg begge undrande til snuoperasjonen Arbeidarpartiet har gjort i kraftsaka i Nundalen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Forundra over snuoperasjonen til Ap i kraftsaka

Opposisjonen sakna ein sakleg grunn for at Arbeidarpartiet snur i si meining om kraftutbygging av Nundalselvi.

Årdal: Årdal kommune hadde fått utsett fristen til å senda uttale i saka til NVE til etter konstitueringa, som vart behandla i same møte. 

Der gjekk avtalen til Arbeidarpartiet og Miljøpartiet dei grøne gjennom med 11 mot 10 røyster. Årdal kommune rår dermed frå ei kraftutbygging i Nundalen. 

Det er stikk i strid med det Ap meinte for litt over ein månad sidan då formannskapet behandla saka og samrøystes sa ja til kraftutbygging. Det undra Aleksander Øren Heen (Sp) seg over.

Les også: Kommunen seier ja til kraftutbygging

– Eg blir litt forvirra, innleia Heen og peikte tilbake på uttalen som vart gjeve i formannskapet. 

Artikkelen held fram under biletet.

UTBYGGING: Småkraft AS har søkt om å bygge ut vasskrafta i Nundalselvi i Nundalen. Arkiv
UTBYGGING: Småkraft AS har søkt om å bygge ut vasskrafta i Nundalselvi i Nundalen. Arkiv

– Eg registrera med undring den snuoperasjonen Ap her har gjort i spørsmål om vasskraftutbygging. Årdal er jo tufta på nettopp bruk av den grøne ressursen som vasskraft er, og det sit jo representantar her som utropar seg som kraftsosialistar og ivrige tilhengarar av vasskraftutbygging, heldt han fram og sikta blant anna til Hilmar Høl (Ap).

Negative konsekvensar

Då hadde Sandra Opheim (MDG), som debuterte i kommunestyret, forklart kvifor ho seier nei til dette. 

– Nundalselvi er det siste større urørte vassdraget i Årdal sett vekk frå det som alt er verna. Ei kraftutbygging vil føra til negative konsekvensar for landsskap, biologisk mangfald , kulturmiljø og -minne, samt tap av inngrepsfrie naturområde.

Les også: Fylkesutvalet positive til utbygging i Nundalen

Opheim peika vidare på at fossar og elvar har stor verdi for naturopplevinga og at den totale belastninga er høg nok frå før. 

Artikkelen held fram under biletet.

NEGATIV: Sandra Opheim (MDG) er negativ til kraftutbygging i Nundalen. Her frå då NVE var på sluttbefaring i midten av oktober. Arkiv
NEGATIV: Sandra Opheim (MDG) er negativ til kraftutbygging i Nundalen. Her frå då NVE var på sluttbefaring i midten av oktober. Arkiv

– Me vil setja fellesskapet sine interesser føre kortsiktig næring ved å arbeida mot kraftutbygging som øydeleggjer verdifulle kulturminne og friluftsområde. Årdal ønskjer større satsing på turisme, som vil gje fleire arbeidsplassar. Turistane som kjem ønskjer å oppleva natur, gå i fjella og oppleva ro og fred, sa ho vidare.

Poengterte feil

Dei kommentarane kunne ikkje Heen lata stå ukommentert, fortalte han, og drog fram at det finst fleire urørte vassdrag i kommunen og at området ikkje er inngrepsfritt sidan det står bygningar der.

– Noreg er i ein unik situasjon med all den fornybare krafta me kan byggja ut og få ned energiproduksjon basert på fossile ressursar. Der har Noreg eit ansvar, og dette ansvaret tar Senterpartiet. Grunnsynet vårt er at me er positive til energiutbygging, og så vil det alltid vera lokal avveging i lokalmiljøet. 

Les også: Ber årdølene gå i seg sjølv og bevare Nundalen urørt

Saman med Venstre la dei til eit nytt punkt 7 i uttalen, der dei bad om at den mellombelse kaien i Nundalen som Småkraft skal setja opp vert bygd slik at den kan nyttast som kai for ålmenta i framtida fordi dette vil leggje til rette for meir aktivitet – slik Opheim ønskjer.

Sjå debatten i møtet i videovindauget under. Debatten startar om lag 48 minuttar ut i møtet. 

Artikkelen held fram under videoen.

Kurt Jevnaker i Venstre stilte seg naturlegvis bak innlegget til Heen. Det same gjorde Ingvild Standnes i Høgre. Jevnaker undra seg også rundt snuoperasjonen til Ap og meinte det burde ligga eit formelt og sakleg grunnlag for at dei no endrar standpunkt.

Kontring frå Brandsdal

Då tok Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) ordet og kontra med at det raskt kunne ha vore Senterpartiet som var ikledd desse skoa dersom Miljøpartiet hadde inngått samarbeid med dei i staden.

Artikkelen held fram under biletet.

KONTRA: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) kontra med at Senterpartiet fort kunne ha stått i same situasjon dersom Dei grøne hadde inngått samarbeid med dei.
KONTRA: Marie-Helene Hollevik Brandsdal (Ap) kontra med at Senterpartiet fort kunne ha stått i same situasjon dersom Dei grøne hadde inngått samarbeid med dei.

– Eg registrera at dei andre partia undrar seg over snuoperasjonen til Ap. Me registrerer òg at Senterpartiet, jamfør pressa, kunne gå med på ein avtale om Nundalen. Her er det mange snuoperasjonar som kan snuast brått, var meldinga frå Brandsdal før ho la til:

– Arbeidarpartiet er glade for at me let oss pushe av eit grønt parti. Me ser fram til å vera med på det grøne skiftet. Me ser at med Nundalen kan me få ei auka satsing på turisme og nytta ressursane våre på ein annan måte. Me set fellesskapet sine interesser framføre nokre særinteresser. 

Det er NVE som fattar vedtak i denne saka. Fleire instansar har gjeve si uttale. Den 13. oktober var NVE i Nundalen på befaring, og det er venta eit vedtak på seinåret eller tidleg neste år. 

Til toppen