STENGT: Biletet viser korleis det såg ut på Hemsedalsfjellet i 14-tida.
STENGT: Biletet viser korleis det såg ut på Hemsedalsfjellet i 14-tida. (Foto: Webkamera/Statens vegvesen)

Vinden skal roa seg til kvelden – framleis mange stengingar i fjellet

Berre Filefjell er ope. Me oppdaterer etter kvart som det roar seg og vegane blir opna att frå i ettermiddag.

Indre Sogn: Det bles framleis friskt i høgda, noko du kan sjå att på alle dei stengde vegane. Førebels er det berre Filefjell som er ope.

Det blir det meldt om vekslende bart føre, snø og is. Enkelte stader kan det vera redusert sikt.

Ellers er det enkelt å oppsummere stoda:

  • Årdal-Tyin er stengt på grunn av uvêr.
  • Hemsedalsfjellet er stengt på grunn av uvêr
  • Hol-Aurland er stengt på grunn av uvêr
  • Vikafjell stengt på grunn av uvêr.

Ifølgje vêrmeldingane er det venta at vinden etter kvart skal roa seg frå 17-tida i ettermiddag.

Til toppen