KAN BLI STENGT OVER FJELLET: Meteorolog rår folk som må over fjellet om å reise i dag eller i morgon, eller utsette turen. Foto: arkiv.
KAN BLI STENGT OVER FJELLET: Meteorolog rår folk som må over fjellet om å reise i dag eller i morgon, eller utsette turen. Foto: arkiv.

Forventar skikkeleg grisevêr inn mot nyttårshelga

Fredag blir verst, då kan sterk vind og mykje nedbør gjere det vanskeleg å komme seg over fjellet.

Det blir milde dagar fram mot nyttårsafta, med temperaturar godt over på plussida i Indre Sogn. Torsdag er det meldt litt spreitt regn, før slusene verkeleg opnar seg på årets nest siste dag.

– Fredagen er den verste dagen før nyttårsafta. Då vil det kome 15-30 millimeter nedbør. Du må ganske høgt før det vil leggje seg som snø, mellom 600 og 800 meter, seier Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.

– Det er lite som minner om jul eigentleg, konstanterer meterologen.

I tillegg vil det komme ein god del vind i dagane framover, spesielt fredagen.

– Den dagen må du rekne med både kolonnekøyring og kanskje stenging. Viss det er viktig å komme seg over fjellet, så vil eg anbefale å ta turen over i morgon eller å utsette det, seier Fagerlid. 

På nyttårsafta er det venta at vêret vil snu. Det blir kaldare i løpet av dagen og regnet vil etter kvart går over til sludd og snø, òg i låglandet.

Til toppen