OPTIMIST: Arvid Andenæs, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, ser nye moglegheiter i den vanskelege økonomien. Pressefoto: Sparebanken Sogn og Fjordane.
OPTIMIST: Arvid Andenæs, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, ser nye moglegheiter i den vanskelege økonomien. Pressefoto: Sparebanken Sogn og Fjordane.

Forventningane til næringslivet er rekordlåge

Fredag vart siste utgåve av Næringsbarometeret presentert, og forventningane i fylket held fram med å falle.

Tala for 2014 syner dei lågaste forventningane til det komande året sidan Næringsbarometeret starta i 2007. Sidan hausten har den samla indeksen falle med seks poeng. 

Gruppa som ventar å auke investeringane i 2015 er så vidt større enn dei som trur på nedgang. Det er særleg forventningane til investeringar som trekkjer ned. 

Resultata er basert på svar frå 730 bedrifter i Sogn og Fjordane, og i dag vart tala presentert på fylkeshuset på Leikanger. 

– Forventningane er faktisk lågare enn dei var under finanskrisa. Det spesielt investeringane som går ned, seier Marit Gjerstad Gjerstad i NHO. 

– Det er innanfor byggenæringa at forventningane er lågast, medan kultur, reiseliv og opplevingar er einaste næring med auka forventningar. 

Auka eksport

Det er først og fremst fallet i oljeinvesteringar, oljeprisen og negativ merksemd frå media det siste halvåret som er med på å senka forventningane til vekst i 2015. 

Likevel står næringslivet i Sogn og Fjordane sterkare mot svingingane i oljenæringa ettersom berre 15 prosent av verksemdene har ein omsetnad der over halvparten kjem frå oljerelatert verksemd.

For ein kommune som Årdal er svak krone og låge oljeprisar godt nytt. Årsaka er naturlegvis først og fremst eksportbedriftene Hydro og Norsun som begge legg eit respektabelt år bak seg og kan sjå lyst på tida som kjem.

Større sentraliseringspress

Det har vore mykje negativ omtale om Sogn og Fjordane som fylke den siste tida, med sentralisering som eit brennheitt tema innanfor fleire næringar og yrke. Arvid Andenæs, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, trur dette heng saman.

– Når me ser nedgangstider blir sentraliseringspresset mykje større enn i normale tider. Det går ut over distriktet, og fokuset blir meir retta mot næringar som representerer det ein trur er framtida, seier han.

Moglegheiter

Han oppmodar næringslivet til å gripa moglegheitene som no opnar seg, blant anna innan rekruttering.

– Det er mange flinke folk som før såg til oljesektoren som ein plass ein må vere for å få ei karriere, som eg trur no vil vide ut synet sitt og sjå på andre moglegheiter. Difor trur eg tidspunktet no for å la næringslivet er å rekruttere inn nye folk. Det kostar, men det blir dyrare å la vere på lang sikt.

Til toppen