GOD START: Kristoffer Nystedt rapporterer om ein god start for hans del på Utladalen camping og Svalheim gard. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GOD START: Kristoffer Nystedt rapporterer om ein god start for hans del på Utladalen camping og Svalheim gard. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Forventningane til turistsesongen er høge

– Det verkar som det går mot ein bra sesong i år også.

Årdal: Dei to største reiselivsaktørane i Årdal rapporterer om ein god start på vår- og sommarsesongen, men det er først denne og neste veka ein verkeleg byrjar å merke trykket.

I Årdal følgjer innbyggjarane spent med på utviklinga innanfor reiselivet, spesielt no som kommunen har bestemt at dette er ei næring ein verkeleg skal satse på dei komande åra. Aktørane sjølv spår ein god sesong.

– Me hadde ein veldig flott sesong i fjor, der eigentleg alle hyttene var booka heile tida. Det verkar som det går mot ein bra sesong i år også. Me jobbar kontinuerleg med produktet vårt. Det viktigaste er at dei besøkande får gode opplevingar, seier Kristoffer Nystedt som held til på Utladalen Camping og Svalheim gard. 

– Blir fullt køyr

På Årdalstangen, der Klingenberg Hotell har sitt hovudkontor, er kommunikasjonsansvarleg Torunn Todal Laberg like optimistisk.

– Me ser tydeleg at det blir fullt køyr heile sommaren. Me har heldigvis Sitla motell som kan ta unna litt for oss når det er smekkfullt for dei som ønskjer hotelltilbod. Det blir ein travel sommar, men det er me glade for, seier ho.

– Det merkar me på førespurnader etter overnatting. Det er folk i omløp allereie, og folk planlegg sommaren sin i god tid. Det er mange som har oppdaga Årdal, så no handlar det om å gi dei gode opplevingar når dei kjem. 

Framleis i oppstartfasen

Framme i Utladalen er det stadig aktivitet både på campingen og garden. Sidan i fjor har fokuset lege på uteområdet. Tre er fjerna mellom dei to fasilitetane slik at det heile ser meir heilskapleg ut. Frå 1. juli blir det tre heilårsstillingar i bedrifta.

– Eg føler me framleis er i oppstartfasen, så me ser mot Lærdal og andre stader. Det er fantastisk kva dei har fått til her. Me jobbar aktivt for at folk skal koma og oppleve dalen med Vettisfossen og dei andre stadene framover i dalen. Det er flott at Vetti held ope, seier Nystedt.

Kommunen skal satse

Han er også glad for at det stadig dukkar opp nye aktivitetstilbod for gjestane hans, som kajakkpadling og anlegget i Indre Ofredal. Laberg fortel at mange av dei som kjem til bygda er ute etter vandreopplevingar.

Og det er nettopp eit av produkta Årdal skal fronte no med ei vandrerute frå Sognefjellet, via Skogadalsbøen, ned Utladalen og til Klingenberg på Årdalstangen. 

– Det er motiverande at kommunen følgjer opp satsinga. Det er positivt. Det er bra dei ser at me kan skapa sysselsetjing. Det viktigaste er å skape kommersielle inntekter på tenestene og produktet vårt. 

Til toppen