OPTIMISME: Den negative forventningstrenden som næringslivet i Sogn og Fjordane har vore inne i sidan 2012, ser ut til å ha snudd. Særleg innan reiselivet er optimisme å spore. Foto: Jan Christian Jerving.
OPTIMISME: Den negative forventningstrenden som næringslivet i Sogn og Fjordane har vore inne i sidan 2012, ser ut til å ha snudd. Særleg innan reiselivet er optimisme å spore. Foto: Jan Christian Jerving.

Forventningstrend i næringslivet har snudd​

Det kjem fram i næringsbarometeret som NAV presenterer onsdag. 

Sogn: Den negative forventningstrenden som næringslivet i Sogn og Fjordane har vore inne i sidan 2012, ser ut til å ha snudd. 

Norsk økonomi er inne i ein nedgangskonjunktur som i stor grad skuldast lågare oljeprisar. Dette har ført til lågare sysselsetjing og auka arbeidsløyse, spesielt på Vestlandet. Sogn og Fjordane har relativt få sysselsette innan petroleumsnæringane og er ikkje råka av denne utviklinga på same måte som nabofylka.

Nedgangskonjunkturer har også sine positive sider. Lågare kronekurs har vore ein føremon for eksportbedriftene og reiselivet. Dette kan vere ei årsak til at næringslivet i Sogn og Fjordane no ser lysare på framtida.

Optimismen er størst når det gjeld omsetnad og lønsemd. På begge desse områda har indeksen auka med 15 prosentpoeng frå i fjor. Når det gjeld investeringar, har indeksen auka frå minus 4 i fjor til pluss 3 i år. Optimismen er minst når det gjeld venta utvikling i talet på tilsette.

Det er særleg innan byggjenæringa og reiselivet at optimismen er stor, men generelt er dei fleste næringane meir optimistiske i år samanlikna med i fjor. 

Kultur, reiseliv og oppleving viser ei veldig fin utvikling. Samla indeks har gått opp frå minus to i fjor til pluss ti i år. Berre indeksen for tilsette går tilbake. Den er no på null. Det vil seie at prosentdelen verksemder som vil auke bemanninga er like stor som prosentdelen som vil redusere.

Innanfor industrien gir den nemnte låge kronekursen optimisme. 22 prosent av eksportverksemdene trur på auka eksport, medan berre 13 prosent trur på mindre eksport. 

Finans og forretningsmessig tenesteyting har hatt fallande forventingar sidan 2012, men også her ser tendensen ut til å ha snudd. Samla indeks har auka frå minus sju prosent i 2015 til pluss sju prosent i år.  På alle delindeksane er det framgang frå i fjor.

Til toppen