LEI REGNET: Ei forvirra due hadde forvilla seg inn gjennom eit dagvindauget på Årdalsenteret, sannsynlegvis lei regnet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LEI REGNET: Ei forvirra due hadde forvilla seg inn gjennom eit dagvindauget på Årdalsenteret, sannsynlegvis lei regnet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Forvirra due på handel

Dei tilsette ved butikkane på Årdalsenteret fekk testa seg som fuglefangarar tysdag.

Årdal: Ei due hadde nemleg forvilla seg gjennom eit takvindauge og forvirra som ho var, klarte fuglen ikkje å finne vegen ut i frisk luft att.

Dei tilsette ved butikkane prøvde ulike metodar for å få dua ut, men motvillig flaksa den unna. I ørska etter å ha floge på vindauget eit par gonger fekk ein endeleg hand om fuglen ved hjelp ein hov. 

Historia fekk dermed ein lykkeleg slutt då dua vart sendt ut vindauget til fridom att. 

Til toppen