FJERNA: Det er under to veker sidan det kom opp, men no er det forvirrande vikepliktskiltet i krysset ved Rallaren i Øvre Årdal fjerna. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FJERNA: Det er under to veker sidan det kom opp, men no er det forvirrande vikepliktskiltet i krysset ved Rallaren i Øvre Årdal fjerna. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Forvirrande vikepliktskilt vart fjerna

Det har til tider vore full stopp i krysset ved Rallaren i Øvre Årdal.

Årdal: Det er under to veker sidan den nye skiltinga tredde i kraft, men no har Statens vegvesen måtta fjerna vikepliktskiltet som til tider har skapt full forvirring og full stans i krysset ved Rallaren i Øvre Årdal.

– Siste del av fylkesveg 301 frå Utladalen inn mot krysset er ikkje forkøyrsveg. Difor blir det feil å ha eit vikepliktskilt her, opplyser Kathrine Njåstad Blaaflat, som er sakshandsamar i Vegvesenet.

Enkelt fortalt: Det er vanleg høgreregel som er gjeldande i dette krysset.

Om Storevegen var hovudveg

Hadde til dømes vegen ned i sentrum vore ein hovudveg, ville det vore riktig med eit vikepliktskilt, men slik er det ikkje. Difor har det ført til forvirring hjå sjåførar, der alle har stoppa for alle. 

Fylkesveg 303 i Seimsdalen til dømes vert oppheva ved rundkøyringa på Årdalstangen, der fylkesveg 53, som er forkøyrsveg, kjem forbi. Det same gjeld i Lærdal, der fylkesveg 271 kjem inn på riksveg 5. 

Vert oppheva nokre meter før krysset

På Rallaren i Øvre Årdal startar ikkje forkøyrsvegen før du har køyrt 10-20 meter fram mot Utladalen. Kjem du motsett veg, vert forkøyrsvegen oppheva omtrent like mange meter før krysset.

Artikkelen held fram under biletet.

OPPHEVA: Forkøyrsvegen vert oppheva nokre meter før krysset. Difor var det feil å setje opp eit vikepliktskilt litt lenger framme.
OPPHEVA: Forkøyrsvegen vert oppheva nokre meter før krysset. Difor var det feil å setje opp eit vikepliktskilt litt lenger framme.

– Det var feil i skiltplanen. Difor vart vikepliktskiltet sett opp, seier Njåstad Blaaflat.

Då Porten.no omtalte saka for to veker sidan, var det fleire som kommenterte eit ønske om at Storevegen i Øvre Årdal også skal forkøyrsregulerast.

– No var det desse vegane Vegvesenet kom med forslag om i første omgang, der kommune og politi er einige, så får me sjå om det er aktuelt å regulere fleire vegar, men me har ikkje fått noko signal på det no.

Trafikkfarlege situasjonar

Også i Lærdal på Sjukehusvegen er kome eit spørsmål rundt vikeplikt. For av dei som kjem frå hovudinngangen på sjukehus og inn på Sjukehusvegen, er det ikkje alle som held vikeplikta si – sjølv om dei kjem frå ei avkøyring.

Her ferdast det skuleungar, og forvirring her har ført til trafikkfarlege situasjonar.

– Dette blir ei vurdering om det er ei avkøyring eller eit kryss. Regelen seier at avkøyringar ikkje skal ha vikepliktskilt, men viss det viser seg at dette er eit problem, kan ein setje det opp. Eg trur det vil løyse seg fordi no veit dei som kjem frå sjukehuset at dei kjem inn på ein forkøyrsveg.

Til toppen