STENGT: Etter ei endring i alkohollova er det mogleg for Vinmonopolet å halde opent på røystedagen, men i Årdal kommune seier dei nei til dette. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STENGT: Etter ei endring i alkohollova er det mogleg for Vinmonopolet å halde opent på røystedagen, men i Årdal kommune seier dei nei til dette. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Forvirring rundt alkoholsal på røystedagen

I Årdal blir det ikkje sal av alkohol.

Årdal: Frå 1. januar i år tredde ei lovendring i alkohollova i kraft. Endringa inneber at daglegvarebutikkar og Vinmonopolet kan selja alkohol på røystedagen.

Mange kommunar var ikkje klar over denne endringa, og fleire stader i landet er det no uvisst om ein får kjøpt alkohol på røystedagen. I Årdal kommune blir det ikkje tilfelle.

– I den ruspolitiske planen de (politikarane journ. anm) har vedteke er det eit punkt som omhandlar dette med skjenking av brennevin. I planen heiter det at det er forbode på røystedagen, sjølv om det er endra i lova.

Ruspolitisk handlingsplan

– Så lenge kommunestyret ikkje har opna for anna praksis, som er mogleg for på valdagen, vil eg i utgangspunktet skrive tilbake at me har ei haldning på dette som er nedfelt i planen, sa rådmann Olve Fossedal og bad om politisk avklaring i formannskapsmøtet torsdag.

Det er i mellomtida ikkje formannskapet som kan avgjere og endre på den ruspolitiske planen. Det er det berre kommunestyret som kan gjera, men sidan dei ikkje er samla att før eit nytt kommunestyret er danna etter valet, måtte brevet frå Vinmonopolet handsamast administrativt. 

Politisk støtte

Rådmann viste dermed til eksisterande, og uendra plan, noko også politikarane gav han støtte til, blant anna Hilmar Høl (Ap).

– Eg forstår rådmann si grunngjeving sidan me har ein plan. Det er slik at formannskapet vanskeleg kan overkøyra eit kommunestyre-vedtak. Eg meiner formannskapet kan dekka seg bak det rådmann seier her, meinte han.

Det synet støtta også Erling Offerdal og Senterpartiet. 

Av Vinmonopolets butikkar skal 75 halde opent på valdagen, 71 halde stengt, medan 109 utsalsstader enno ikkje har gitt beskjed om det er opna eller lukka dører 14. september, melder NRK

Forbodet skal også gjelda for daglegvarebutikkar i Årdal kommune.

Til toppen