KAFKA: Bjørn Hails Gjelsten frå Jostedalen skal lese Kafka på nynorsk frå Jostedalen. Foto: Simone Stibbe. 
KAFKA: Bjørn Hails Gjelsten frå Jostedalen skal lese Kafka på nynorsk frå Jostedalen. Foto: Simone Stibbe. 

Fosse les Kafka på nynorsk

Jon Fosse er først ut når nettavisa Framtida.no torsdag lanserer ei direktesendt opplesing av verdslitteratur på nynorsk.

Jostedalen: Fosse har nyleg omsett Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka til nynorsk for første gong. Boka er den første i ein serie med verdsklassikarar på nynorsk, og torsdag les Fosse live frå æresbustaden i Grotten i Oslo, direktesendt på nettavisa Framtida.no.

Etter å ha lese starten på forteljinga, går stafettpinnen over til fire klassar frå Stord vidaregåande skule før turen igjen går vidare til Jostedalen.

– Det er eit skup å ha fått med Jon Fosse på opplesinga, og veldig kjekt å samarbeida både med ungdom og vaksne for å få ein slik verdsklassikar ut til folket, seier redaktør Svein Olav B. Langåker i Framtida.no.

Fosse, som takkar nei til nesten alle invitasjonar han får, har denne gongen gjort eit unnatak. Han har i over tretti år hatt som hjartesak å laga ein serie med det beste frå verdslitteraturen på nynorsk og er glad for at det vesle forlaget Skald har gjeve liv til serien.

– Dette er målreisingsarbeid av beste slag, meiner den nynorske nasjonaldiktaren.

Livesendinga torsdag er eit samarbeid mellom Framtida.no, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og Skald forlag. (©NPK)

Til toppen