SØKT PÅ NY JOBB: Rådmann i Årdal, Olve Fossedal, har søkt på stillinga som rådmann i heimkommunen Larvik. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
SØKT PÅ NY JOBB: Rådmann i Årdal, Olve Fossedal, har søkt på stillinga som rådmann i heimkommunen Larvik. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Fossedal har søkt på rådmannstillinga i heimkommunen

Noverande rådmann i Årdal kommune, Olve Fossedal (63), har søkt på stillinga som rådmann i Larvik. 

Årdal: Det går fram av søkjarlista som Larvik kommune har lagt ut på sine nettsider. Også Østlands-Posten melder dette fredag.

Fossedal kjem frå og er busett i Larvik, men pendlar til Årdal.

– Har du lyst til å flytte heim?

– Ja, det har eg alltid, eg har jo kona mi her. Det er blitt ein litt spesiell situasjon, der pendlinga ikkje er så attraktiv. Eg har ikkje lyst å reise frå Årdal. Det har gått ganske bra, og eg har fått eit godt forhold til både politikarane og administrasjonen, seier han til Porten.no.

Brukte julebakst som utgangspunkt

63-åringen har hatt jobben som rådmann i Årdal sidan januar. Då var kommunen framleis på Robek, men med god økonomisk styring, basert på oppskrift på julebakst, kom dei ut av lista eitt år før tida. 

– Eg har ikkje noko behov for å slutte, gjentek han.

– Eg ville gjere meg ferdig og hadde lagt ein plan fram mot 2018 og 2019, der ein skulle gjere det som var naudsynt for å få snudd skuta skikkeleg. Me er godt i gang med naudsynte grep, men så er det dette med timing, og det styrer ein ikkje alltid sjølv.

Det er 18 søkjarar på jobben som rådmann i Larvik kommune, mellom anna noverande rådmann, Jan Arvid Kristengård, som blei konstituert i haust. 

Ifølgje Østlands-Posten ventar no fleire rundar med intervju før ei avgjerd truleg vert teken innan 20. januar neste år. Det fortel ordførar Rune Høiseth til avisa. 

Til toppen