HELD FRAM: Olve Fossedal har bestemt seg for å halde fram i jobben som rådmann i Årdal. Onsdag informerte han ordførar og dei tilsette om avgjerda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HELD FRAM: Olve Fossedal har bestemt seg for å halde fram i jobben som rådmann i Årdal. Onsdag informerte han ordførar og dei tilsette om avgjerda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Fossedal held fram som rådmann i Årdal

Informerte ordførar og dei tilsette i kommunen onsdag.

Årdal: I byrjinga av desember skreiv Porten.no at Fossedal hadde søkt på stillinga som rådmann i heimkommunen Larvik. Han er i dag busett der og pendlar til Sogn, noko som var ein del av årsaka til at han ville bytte jobb.

No blir Fossedal verande i Årdal likevel. Onsdag informerte han ordførar og dei tilsette i kommunen om at han held fram.

– Eg bestemte meg tysdag kveld for at eg gjer dette i sterk lojalitet til årdalssamfunnet og til det oppdraget eg tok på meg då eg vart tilsett som rådmann i kommunen. Me er på rett veg og kjem til å legge fram eit godt årsresultat også for 2016.  Dette er ein så spennande jobb som eg vil sluttføre i nært samarbeid med dei folkevalde og tilsette i kommunen. Eg er trygg på at dette er ei rett avgjerd for meg personleg, seier han til Porten.no.

Fossedal har vore rådmann i Årdal sidan januar 2015. Då var kommunen framleis på Robek-lista. Med god økonomisk styring kom kommunen ut av Robek eitt år før tida. 

Til toppen