NY RÅDMANN: Dei folkevalde vil ha Olve Fossedal som rådmann i Årdal kommune frå 1. januar 2015. Foto: Privat.
NY RÅDMANN: Dei folkevalde vil ha Olve Fossedal som rådmann i Årdal kommune frå 1. januar 2015. Foto: Privat.

Fossedal tilbydd stillinga som rådmann i Årdal

Olve Fossedal er mannen dei folkevalde i Årdal vil ha som neste rådmann etter Frank Westad.

Torsdag vedtok kommunestyret at dei vil ha 61-åringen inn som rådmann i Årdal kommune frå 1. januar 2015. 

Fossedal kjem inn etter at noverande rådmann Frank Westad sa opp stillinga si tidlegare i haust. Søket etter ein ny rådmann starta med det same.

Etter kvart blei det klart at sju personar hadde søkt på stillinga og kommunen satte ned utval til å arbeide med prosessen. 

Desse landa til slutt på tre personar som har vore inne på intervju. 

Valet av Fossedal byr på eit gjensyn med Årdal for han. Før han flytta frå bygda på 90-talet var han personalsjef og assisterande rådmann i Årdal kommune. 

Fossedal er no administrerande direktør i Oil Cleaning Technology og er busett i Larvik. 

Til toppen