Sogndal: Fosshaugane og fotballsuksess har vore synonyme i tiår. Det var her Sogndal slo Start foran 7025 tilskodarar i kvartfinalen i cupen i 1976, året då eventyret starta. Her har det vore både opprykk og nedrykk, og ei stortstila campusutbygging, men Fosshaugane-namnet har vore med heile vegen.

No kan Fosshaugane Campus bli til Sogndal Campus.
– Sogndal er eit sterkare namn, i allefall utanfor fylket, enn det Fosshaugane er. Så får vi sjå kva debatten endar opp i, seier Yngve Hallèn, som representerer Sogndal Fotball i eigargruppa som no diskuterer framtida – og namnet til Campus.
Les også: La fram store campusplanar
Les også: Her er dei fem viktigaste punkta i Campusplanen
Dei fem eigarane som har siste ordet er Statsbygg, fylkeskommunen, Høgskulen, Sogndal Fotball og Sogndal kommune. I januar skal leigetakaraneseie si meining. Og så skal du ikkje sjå vekk frå at ein og annan innbyggjar gjerne vil ha eit ord med i laget.
At Fosshaugane sit djupt i bygdesjela er det uansett ikkje tvil om.
– Sjølve grasmatta kan heite Fosshaugane, uansett kva namn vi endar opp med på heile området, seier Hallèn.