VANN: Årdal FK vann 0-4 mot Florø 2 laurdag. Dei har no ein førebels topplassering på tabellen for Kretsligaen i 4.divisjon i fylket.
VANN: Årdal FK vann 0-4 mot Florø 2 laurdag. Dei har no ein førebels topplassering på tabellen for Kretsligaen i 4.divisjon i fylket. (Foto: Arkiv)

Fotball: Slik gjekk det med laga frå Sogn denne helga

Ni lag frå mellom anna 1.- og 5. divisjon frå Indre Sogn spelte kamp denne helga.

Indre Sogn: Denne helga gjekk ni lokale fotballag i elden for å kjempa om tre poeng. 

Me har laga ei oversikt over resultata, slik at du enkelt kan halda deg oppdatert på lokalfotballen. 

1.divisjon kvinner

  • Grand Bodø - Kaupanger: 3-1. Målscorar for heimelaget var Siv Hickman i 46. minutt. 

3.divisjon

  • Fjøra - Fyllingsdalen: 1-5. Målscorar for heimelaget var Mathias Sunde Årdal i 85.minutt. 
  • Djerv 1919 - Sogndal 2: 3-1. Målscorar for Sogndal var Alioune Ndour. 

Kretsligaen - 4.divisjon

Denne helga gjekk åttande runde av kretsligaen av stabelen. 

  • Kaupanger - Eid: 3-3.
  • Florø 2 - Årdal: Tabelltoppen Årdal FK vitja Florø 2 laurdag. Det resulterte i 0-4 til raudskjortene frå Årdal, og vart soleis den femte rake sigeren til klubben denne sesongen. Målscorarar var Truls Hovland (2), Ole Gunnar Bukve Kjødnes og Joachim Furset. 
  • Studentspretten - Syril: 1-0.  Målscorar Thomas Minde. 

5.divisjon

  • Jølster - Studentspretten: 3-2.
  • Fjøra 2 / SIL 3 - Selje: 1-2. Målscorar Lars Thorsnes Lefdal. 
Til toppen