MÅLFEST: Fjøra spelte tidenes kamp på Blåbærmyra då dei laurdag møtte Valdres. Kenneth Skjerven (på biletet) scora mål 0-8 målet for dei raude.
MÅLFEST: Fjøra spelte tidenes kamp på Blåbærmyra då dei laurdag møtte Valdres. Kenneth Skjerven (på biletet) scora mål 0-8 målet for dei raude. (Foto: Arkiv)

Fotballbonanza: Fem lag i Indre Sogn kjempar om tre poeng, sjå resultata her

Sjå kven som klarar å kapra tre poeng i dag.

Indre Sogn: Kaupanger, Syril, Sogndal 2 og Fjøra tørka støv av draktene laurdag, og knytte skoa til sesongstart etter nokre veker med sommarferie. 

Fjøra og kvinnelaget og herrelaget frå Kaupanger IL speler borte, Syril og Sogndal 2 speler på heimebane. 

Resultata vert oppdaterte fortløpande. 

1. divisjon: Skuffande tap for Kaupanger

Nanset - Kaupanger 2-0 (Slutt)
Klokka 13 braka det laust for Kaupanger IL sitt damelag då dei møtte Nanset på bortebane i 1.divisjon. Ifølgje NFF har Nanset aldri tapt heime mot Kaupanger i 1.divisjon, heilt tilbake til 2002.

Det gjorde dei heller ikkje i dag. I 79.minutt sende Hedda Minori Haugene heimelaget i leiinga med 1-0. Knappe kvarteret etter sette Haugene ballen i nettet igjen, og sikra heimelaget tre poeng. 

3. divisjon: Tap for Sogndal 2, målfest for Fjøra

3. Divisjon menn: Sogndal 2 -Djerv 1919: 3-4 (Slutt) 
Klokka 13 braka det laust på Fosshaugane. Heimelaget tok raskt leiinga då Johan Svedal Flo sette ballen i mål etter sju minutt. I 18.minutt følgde lagspelar Akor Jerome Adams opp, og putta inn 2-0. I 33.minutt gjorde han det igjen.

Ein knallgod førsteomgang for heimelaget, men i andreomgang snudde det etter at Djerv-spelar Jørgen Voilås sette inn 3-1. Gjestane fekk overhanda i kampen og sette inn tre mål til. Målscorarar var Sander Deilkås, Sebastian Lie Haaland og Vetle Worre Bråtveit. Ein skuffande slutt på ein kamp som starta så bra for Sogndal 2. 

Valdres - Fjøra: 0-6 Malvin Gjerde herjar (Slutt)
Klokka 15 braka det laust på Blåbærmyra kunstgras mellom Valdres og Fjøra. Gjestane gjekk hardt ut i førsteomgang, og Malvin Gjerde sette inn 0-1 etter berre fire minutt. Seks minutt seinare gjorde han det igjen, og sendte gjestane i leiinga 0-2. Etter 33 minutt kom Anders Lerheim Olsen og scora det tredje målet for Fjøra. I 44.minutt scora Gjerde hatrick og sette inn 0-4. 

ÅTTE MÅL: Det vart reine målfesten for Fjøra då dei vitja Valdres laurdag. Malvin Gjerde scora fem, men tilsaman vann dei 0-10. Her frå då han tok ny Fjøra-rekord i oktober. Foto: Torbjørn Ylvisåker/Fjøra

I andre omgang får Fjøra overtaket og hatrick var ikkje nok for Gjerde, som herja på Blåbærmyra. Han scora like greit to til i 56. og 58. minutt. 

Målfesten held fram mot slutten av andreomgang. Mathias Hovland sette inn 0-7 etter 79.minutt. Kenneth Skjerven putta inn ville 0-8 etter 81. spelte minutt. Det går mot ein salig målfest på Blåbærmyra for Sogndølene. 

Om ein tenkjer at åtte mål må vera godt nok, visar det seg at Mathias Hovland er ueinig. For i 88. minutt scora han like godt 0-9, og fire minutt seinare, 0-10. 

Krestligaen 4.divisjon: 

Dale - Kaupanger: 1-0 (Slutt)
Klokka 16 var kampen i gang mellom Dale og Kaupanger på Dingemoen Kunstgras. 
Dei første fem minuttane var rolege, men Bendik Vik fekk ballen på innkast og scora frå 16 meter. I 19.minutt får Kim Andre Stokke ballen frå Rune Åberge, og reduserer til 1-1. I 40. minutt sende Severin Halland Kaupanger i leiinga 1-2 og scorar frå 25 meter.

Etter pause er gjestane på. I 48. minutt strør Trond Vegard Kim Ripe salt i såret, og klinkar inn 1-3 til Kaupanger. Ein halvtime etter er Kim Andre Stokke tilbake, og sette inn 1-4. Tre poeng til Kaupanger. 

Syril - Eid: 1-7 (Slutt) 
Klokka 15 starta kampen om tre poeng mellom Syril og Eid på Syril kunstgras.

Gjestane var sterke og hadde overtaket  på Syril. Heimelaget fekk eit håp då Sondre Søderholm scora eit mål, men Kristian Lefdal og Sindre Hafsås (2) sørga for at gjestane leia 1-3 til pause. Andreomgangen vart ikkje stort betre for heimelaget. Lefdal, Mads Wie, Jonas Heggen Trosdahl (2) sørga for 1-7 siger til Eid, opplyser Lurifax Support. 

TAP: Det gjekk ikkje vegen for Syril då dei laurdag møtte Eid på heimebane. Foto: Siri Andresen
Til toppen