I VINDEN: Det er fotballfeber i Sogndal fem dagar før Taijo Teniste og Sogndal skal møte erkerivalen i vest. Foto: arkiv.
I VINDEN: Det er fotballfeber i Sogndal fem dagar før Taijo Teniste og Sogndal skal møte erkerivalen i vest. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Fotballfeber før vestlandsderbyet – går mot ny publikumsrekord​

Fem dagar før kampen mot Brann er det under 800 billettar att. 

Sogndal: – Det er stor sannsynlegheit for at dei forsvinn. Her må folk hiva seg rundt skal dei få med seg kampen, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad.

Før sesongen vart kapasiteten på Fosshaugane utvida med rundt to hundre plassar. Ein sittetribune vart omgjort til ståplassar, slik at no er det rom til 5502 publikummarar.

Dermed går det nesten garantert mot ny publikumsrekord til helga, trur arrangementssjefen.

– Ja, det vil det bli, seier han. 

Les også: Helge Haugen har fått jobb hos rivalen Brann
Les også: Slik skal Sogndal takle medgangen

KJEM I HOPETAL: Det er forventa rundt 700 bortesupportarar til kampen, mot normalt godt under hundre.
KJEM I HOPETAL: Det er forventa rundt 700 bortesupportarar til kampen, mot normalt godt under hundre.

To lag i flytsona

Det er fem rundar igjen av sesongen, men førebels har både Brann og Sogndal prestert over forventa. Begge er nyopprykka, men likevel ligg Brann på sølvplass, medan Sogndal kjempar om ein plass over midten av tabellen. 

Heggestad forventar difor elektrisk stemning når dei to rivalane møter kvarandre. 

– Det er slike kveldar og slike opplevingar me jobbar for heile året. Det blir ein ny flomlysfest på Fosshaugane, med alt det Sogndal mot Brann inneberer, seier han.

Ventar opp mot tusen bortefans

Arrangørane forventar òg storinnrykk av bortesupportarar. Vanlegvis er det godt under hundre av dei. Til helga kjem det mangedobbelte.

 – Eg tippar det kjem rundt sju hundre, seier Heggestad, som likevel ikkje er uroa for tryggleiken.  

– Det har vore lite problem med brannsupportarane dei siste åra, seier han.

Sjølv om den eventyrlege interessa varmar, byr det òg på eit sjeldant problem. For om billettsalet held fram i same tempo, kan arrangørane fort bli tvinga til å avvise folk i stadiondøra.

– Viss folk ventar til kampdag med å kjøpa billett, så kan det vera for seint, seier Heggestad. 

For ordens skuld: Publikumsrekorden på Fosshaugane før byggjinga av Campus og dei nye tribunene var på 7000. Den vart sett i 1976 i kvartfinalen av cupen mot Start.  

Til toppen