SAMARBEIDER TETT: Sportsjef Håvard Flo i Sogndal Fotball og førsteamanuensis Vegard Fusche Moe ved Høgskulen ser begge fordelar ved å styrkje samarbeidet.
SAMARBEIDER TETT: Sportsjef Håvard Flo i Sogndal Fotball og førsteamanuensis Vegard Fusche Moe ved Høgskulen ser begge fordelar ved å styrkje samarbeidet.

Fotballforsking er vinnaroppskrifta for Sogndal

Fotball og forsking går no hand i hand i korridorane på Fosshaugane Campus. Høgskulen og fotballklubben i bygda har nemleg inngått ein partnarskap som strekkjer seg over fem år og samarbeidet blir stadig tettare.

Allereie sit dei på eitt år med erfaring og innsamla data frå fjorårets førstedivisjon. Sogndal Fotball brukar nemleg eit sporingssystem som registrerer rørslene til spelarane på bana både i trening og kamp. Det kan måle alle variablar som puls, posisjon på bana, talet sprintar, stegfrekvens, totaldistanse, ja lista er nærast endelaus.

Utfordringa er å bli klok på alle tala og bruke dei til noko som gjev resultat ute på bana. Og i klasserommet.

– Vi kan hjelpe klubben ved å stille med eit datagrunnlag og kompetanse. Så er det opp til teamet i klubben og spelarane i kor stor grad dei ønskjer å nyttiggjera seg av det, seier Vegard Fusche Moe, førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Fruktbart samarbeid

Han er ein av omlag ti personar frå Høgskulen som i større eller mindre grad er involvert i prosjektet. I Sogndal Fotball er det fysisk trenar Helge Haugen dei jobbar tettast med. Han ser openberre fordelar med samarbeidet.

VINN-VINN: Fysisk trenar Helge Haugen har ansvar for å omsetje tal og statistikkar til fotballspråket.
VINN-VINN: Fysisk trenar Helge Haugen har ansvar for å omsetje tal og statistikkar til fotballspråket.

– Vi kan tipse Høgskulen om ting vi har lyst til å finne ut av, så kan dei få ein bacelor- eller masterstudent til å skrive ei oppgåve om det. Det er vinn-vinn for begge partar. Dei kan få ting å skrive oppgåver om, med data frå ein toppklubb, medan vi kan få ut tal og kunnskap, seier Haugen.

Det er han som har jobben med å omsette statistikkar og tal i rekneark til noko som kan omsettast til endringar på treningsfeltet.

– Høgskulen skal gjere det dei er gode på, som er å studere tal, forske og skrive artiklar. Så får heller eg vere eit filter inn mot fotballmiljøet og setje det inn i ein heilskap, seier han.

Fysikk er ikkje alt

Og heilskapen handlar om alt det som gjer fotball til noko meir enn berre ei rein fysisk tevling. Eller som Haugen seier det:

–  Vi har fokus på å springe mange løp i høg hastigheit. Men det er ein fordel å springe i riktig retning og til riktig tidspunkt. Og så er det ein fordel om du kan dempe ballen i tillegg. Fotball er komplekst, det fysiske er berre ein bit av heilskapen, seier Haugen.

Sportssjef Håvard Flo seier dei er stolte over samarbeidet og seier det er viktig for ein liten klubb å jakte dei små forbetringane.

–  Vi kan aldri kopiere Barcelona, eller forsovidt Rosenborg. Vi må ta ut essensen i måten toppklubbar jobbar på og sette det inn i vår samanheng. Vi skal gjere det på vår måte. Det at vi spelar på lag med fagmiljøa på Campus kan vere med å gje oss ein fordel ovanfor andre klubbar vi konkurrerer mot, seier han. 

Til toppen