ANDRE: Dette var den andre av tre turneringar. Foto: Andreas Aannevik
ANDRE: Dette var den andre av tre turneringar. Foto: Andreas Aannevik

Fotballglede for dei unge lovande

Årdalshallen var fylt med unge ivrige fotballspelarar då Jotun arrangerte futsalturening i Øvre Årdal på søndag.

Årdal: Mange fotballglade ungar frå blant anna Sogndal, Årdal og Lærdal møttes for å spele futsal i Årdalshallen på søndag. Heile 18 lag frå heile fylket,  møtte opp for ein dag fylt med fotball. Deltakarane var ungar i alderen 10-14 år. Dei unge og lovande fotballspelarane gav alt dei kunne på fotballbana. 

Futsal er ei form for fotball som blir meir og meir vanleg i Noreg. Ei futsalturnering er ei fotballturnering som føregår innandørs. Tempoet i spelet blir ofte auka, sidan ein har mindre bane og mindre spelarar. 

Kai Wigum, frå Jotun, fortel at turneringa som gjekk føre seg  i Øvre Årdal, er ein del av eit større opplegg med fleire turneringar. 

– Det er totalt tre turneringar i dette opplegget, dette var den andre i rekkja. Den siste turneringa blir spelt no i Januar.

Artikkelen held fram under bilete.

IVRIGE: Det stod ikkje på innsatsen til dei unge spelarane.
IVRIGE: Det stod ikkje på innsatsen til dei unge spelarane.

Meint som trening

Kai fortel også at turneringa er meint som ei trening for dei unge spelarane.

– Turneringa er ikkje som vanleg, der det er ein konkurranse. Her er det ingen poeng eller premiering. Turneringane er rett og slett kampar for trening.

Fotballkretsen i Sogn og Fjordane skriv på si heimeside at futsal er ei fotballform som fører til at spelarane får nye og utviklande utfordringar på bana.

Turneringane har ingen premiering, men i følgje Fotballkretsen har dei laga ei laga eit alternativ til premiering som ikkje blir påverka av resultata i kampane:

– Lag som deltek på alle tre turneringsdatoar i sin region, er med på trekning av ballnett med 6 flotte futsal-ballar, levert av Nike. Det blir trekt ut eit ballnett i kvar aldersklasse, og dei vil bli sendt dei heldige laga etter siste turnering, skriv Fotballkretsen.

Her kan du sjå resultata frå søndagens futsalturnering.

 

Til toppen