Fotballglede så langt augo kan sjå​

Søndag vart fotballsesongen starta for dei yngste fotballspelarane i Indre Sogn då IL Jotun arrangerte knøtteturnering.

Øvre Årdal: Knøtteturneringane, eller Kongleriket Miniputt-turnering som er det offsielle namnet, hadde sin start denne helga på fleire stader i Sogn.

På sørsida av fjorden møttest gutar og jenter fødd i 2007 til 2011 på krøllgraset i Øvre Årdal. Her er det lag frå IL Jotun, Årdalstangen IL, Lærdal IL og Aurland IL som deltek.

I Kongleriket Miniputt er høg aktivitet og fotballglede hovudfokus. Alle miniputtar skal spele mykje og vere godt slitne etter turneringa, der laga skal ha så få innbyttarar som mogleg. I Øvre Årdal var 40 lag og rundt 250 barn i aksjon.

– Dette er årets første turnering og markerer starten på fotballsesongen for dei yngste. Det er heilt topp. Det er moro å sjå at det er spesielt mange frå 2011-kullet som er med. Der er det ekstremt mange ungar, seier Stig Laberg i IL Jotun.

– Det er godt å koma i gang, ungane har gledd seg. Dei er flinke alle saman. Dei yngste spring som om dei aldri har gjort anna. 

– Gøy og nydeleg

På sørsida av fjorden arrangerer idrettslaga kvar si turnering, der to er før sommaren og to etter sommaren. Turneringane er for mange barn og foreldre det første møtet med fotballen.

Joakim Stavenjord Hovland, Julian Lægreid, Eskil Nes og Konrad Vigdal spelar på eitt av gutelaga til ÅTIL. Dei er glade for at fotballsesongen er i gang.

– Me spelte mot Lærdal i den første kampen vår og vann. Det er gøy og nydeleg at sesongen er i gang. Me likar å spele fotball og ønskjer å bli proffe. No er målet vårt å finna alle kampane våre og spela masse, seier dei.

I turneringa er haldningar kanskje det viktigaste ungane lærer i tillegg til å ha det moro sjølvsagt. Fair play med respekt og likeverd, inkludering og venskap skal gå som ein raud tråd i alle delar av fotballen. Etter kvart kamp helser spelarane og takkar for kampen.

Til toppen