VIL SAMLA FOTBALLEN: Styret i fotballgruppa i Årdalstangen IL vil at spelarar frå 13 år og oppover skal vera ein del av Årdal Fotballklubb. Arkivfoto
VIL SAMLA FOTBALLEN: Styret i fotballgruppa i Årdalstangen IL vil at spelarar frå 13 år og oppover skal vera ein del av Årdal Fotballklubb. Arkivfoto

Fotballgruppa i ÅTIL vil samla fotballen under Årdal FK

Medan Johnny Svåi, leiar i hovudstyret for Årdalstangen IL, seier dette ikkje er ei avgjerd fotballgruppa kan ta åleine.

Styret i fotballgruppa i Årdalstangen IL (ÅTIL) meiner at årdalsfotballen bør bli samla under Årdal FK. 

Styremedlem Inge Seglem, seier til Sogn Avis at han ikkje er i tvil om at eitt styre, betre brukt av ressursar og éin demokratisk prosess er vegen å gå. Kjell Kauppi, leiar i fotballgruppa i ÅTIL, meiner dette er den beste måten å leggje til rette for unge spelarar som vil satsa.

Alt i november 2014 skreiv Porten.no at ÅTIL hade lagt fram forslag om å flytta heile fotballgruppa inn i Årdal FK.

Les også: Ser på moglegheitene for samarbeid

Offisielt frå 2016

Ifølgje Sogn Avis skal samanslåinga alt vera sprikra. Frå 2016 vil gutar frå 13 år og oppover i ÅTIL, vera ein del av Årdal FK, som vil melda på gutelag i seriesystemet. Under årets sesong, heiter gutelag ÅTIL, men vil bli styrt av Årdal FK. 

Både Kauppi og Seglem seier dei trur det blir vanskeleg å få med seg Jotun IL, då klubben har eit hovudstyrevedtak om å ha eige gutelag. Seglem syner til eit krisemøte mellom ÅTIL og Jotun 12. april, der ÅTIL ville samla fotballen under ei fane til det beste for spelarane, medan Jotun sa nei. 

Resultatet er at ni Jotun-spelarar mellom 13 og 16 år melde overgang til ÅTIL for å få kampar og treningane slik dei ønskte. 

Kauppi peiker også på at ei endring av leiarane i styret til Jotun må til for å få til ei løysing. 

Hovudstyret til ÅTIL: – Kan ikkje ta ei slik avgjerd

Johnny Svåi, leiar i hovudstyret for Årdalstangen IL, seier til Porten.no han fekk veta om saka seint måndag kveld. 

– Dette må me løysa innanfor veggane våre. Me skal ha eit hovudstyremøte med ein intern gjennomgang førstkomande torsdag. Der me skal sjå på korleis å løysa fotballen i Årdal. 

– Kan fotballgruppa i ÅTIL ta ei slik avgjerd?

– Nei, ei slik avgjerd må takast i hovudstyret, noko som ikkje er gjort per i dag, seier Svåi.

Svåi fortel at under møtet torsdag vil hovudstyret i ÅTIL leggja føringar for korleis idrettslaget skal løysa det med klubbar og fotballkrins. Der skal dei sjå på heile fotballkabalen, slik at dei sikrar tilbod til alle i fotballen uavhengig av nivå. 

I ettertid ser Svåi for seg eit nytt samarbeidsmøte med både Jotun og Årdal FK. Tidspunkt for dette er ikkje sett. 

Til toppen