Fotballhelg i Lærdal

40 lag med fotballspelarar i alderen 10 til 14 år deltok under Lærdalsturneringa på Lærdal stadion i helga.

– Her har me eit stort spenn frå dei som er med for moro skuld, til dei som har meir kompetanse innan fotball, seier Kjell Inge Sanden i Lærdal idrettslag. 

Sjå også biletegalleri øvst i saka.

Ved alle dei fem banene var oppslutninga stor blant foreldre og andre vaksne, og dette meiner Sanden er særs viktig for borna sin deltaking. 

– Det betyr mykje for ungane at dei vaksne følgjer dei opp. 

Artikkelen held fram under biletet.

ARRANGØRAR: "Fair play-generalen" Kjell Inge Sanden (t.v.) og primus motor bak turneringa, Jan Tore Stølen.
ARRANGØRAR: "Fair play-generalen" Kjell Inge Sanden (t.v.) og primus motor bak turneringa, Jan Tore Stølen.

Sanden er med på turneringa som arrangør og vert omtala som "Fair play-generalen" av dei andre i Lærdal IL. For Sanden er konseptet kring Fair play viktig, og er med på å gje born og ungdom ei riktig grunnhaldning i fotball. Samstundes hjelp reglane til med å luke ut unntaka av dei vaksne som ikkje klarer å styre seg på sidelinja. 

LES OGSÅ: Med Fair play i fokus

Ofra reinsjakta

Bak grillen på Lærdal stadion stod foreldre på dugnad for å servere grillmat og drikke til alle som vitja fotballturneringa laurdag og søndag.

– Me måtte prioritere vekk reinsjakta for pølsegrilling, ler Ernst Inge Brugrand. 

Både han og Roger Nedberge Hille tykkjer det er kjekt å bidra, og at Lærdalsturneringa er eit flott arrangement.

– Det er ikkje alltid ein rekk å vere saman med andre foreldre, så slike tilstelningar er både moro og sosialt, seier Nedberge Hille.

Artikkelen held fram under biletet.

LITE REIN: Roger Nedberge Hille (t.v.) og Ernst Inge Brugrand ofra jakthelga for å bidra under Lærdalsturneringa.
LITE REIN: Roger Nedberge Hille (t.v.) og Ernst Inge Brugrand ofra jakthelga for å bidra under Lærdalsturneringa.

Turnering i 13 år

Lærdal Idrettslag er langt i frå ferske som arrangørar av ei fotballturnering. Lærdalsturneringa vart arrangert for fyrste gong i 2002, og har som mål å vere ein møtestad for unge fotballspelarar frå både aust og vest.

I tillegg til sjølve turneringa, foreslo Lærdal IL også aktivitetar etter at kampane var ferdig for dagen. Dette var i samarbeid med lokale aktørar som til dømes Lærdal Kino med filmar tilpassa aldersgruppa til fotballspelarane.

Til toppen