Fotballmoro i Lærdal

Denne helga blei det arrangert fotballturnering på Lærdal Stadion. 

Lærdal: Denne helga blei lærdalsturneringa arrangert for 14.gongen. 35 lag var påmeldte og omlag 350 spelarar var klare for ei fin helg med mykje fotball.

Turneringa er for aldersgruppa 2001-2006. Det kom spelarar frå laga Lærdal, Voss, Valestrand Hjellvik, Hemsedal, Leikanger, Jølster, Stryn, Kaupanger og Årdalstangen for å delta på årets Lærdalsturnering.

Laurdagen byrja med det tradisjonelle opptoget som gjekk frå ferie og fritidsparken til Lærdal stadion. Mange ulike lag gjekk saman til banene og ropte sine lagrop, medan dei veiva med lagets flagg . Spelarane ivra etter å komme i gang med fotballturneringa.

Mykje fotballmoro

Ordføraren i Lærdal, Jan Geir Solheim, hadde fått jobben som speaker under turneringa i år.

- Me håpar alle spelarar og tilskodarar får ei fin helg med mykje fotball, sa han frå speaker bua.

Det var laga til 5 baner der dei ulike laga skulle spele sine kampar på. Ved alle banene stod mange frammøtte for å heie fram laga.

Det var laga til kiosksal ved inngangen til Lærdal Stadion, der ein blant anna kunne kjøpe grillmat og brus.

Turnering sidan 2002

Lærdalsturneringen har blitt arrangert sidan 2002 og har som mål å vere ein møtestad for unge spelarar frå både aust og vest.

I tillegg til at dei unge spelarane fekk spele mykje fotball i helga, kunne dei også delta på andre aktivitetar. Laurdagskveld blei det arrangert diskotek for borna. Det blei også synt filmar på Lærdal Kino som dei kunne reise å sjå.
 

Til toppen