FAVORITTSAKANE: Ei knippe av favorittane til Porten.no sine lesarar.
FAVORITTSAKANE: Ei knippe av favorittane til Porten.no sine lesarar. (Foto: Arkiv)

Fotografterte faren på dødsleiet og koronakrisa som knuste draumen. Dette er dei tolv mest leste sakene i Ytre Sogn i året som gjekk.

Har du fått med deg alle? Om ikkje, får du ein god oppfriskar i denne saka.

Ytre Sogn: Ein av dei best leste sakane i år er om korleis innvandrarar kan vera redninga for det synkande folketalet i regionen.

Men er sogningane i så fall opne og inkluderande nok til at folk vil koma og etablera seg her? Kva meiner innvandrarar om eit liv i Sogn?

Saleh Ali–Saleh frå Eritrea er ikkje i tvil. Han kom til Norge i 2012 og har funne heimen sin for resten av livet.

Sjå resten av dei mest leste sakane under. 

Farmeen (28) flytta frå Oslo til Gulen for å jobbe som lege

Ho går mot urbaniseringsstraumen og prøver bygdelivet framfor bylivet. Naturen og nye utfordringar lokka då Farmeen Afsar Khan valde å søkje på ei vikarstilling som lege i Gulen.

– Det er mykje å gjere her òg. Ein sit ikkje utan pasientar sjølv om det er ein liten stad. Ein møter all slags problemstillingar på legekontoret, seier Khan.

Les heile saka her

LÆRERIKT: Farmeen Afsar Kahn ventar at tida hennar i Gulen vil verte lærerik og by på nye utfordringar. Foto: Privat

Ny fabrikksjef på plass i Høyanger: – Fleksibiliteten og kompetansen her er ein styrke

Arne-Martin Kjærland trur berekraft og miljøfokus kan bli eit fortrinn for smelteverka i Noreg framover i ein utfordrande marknad.

– Fokus på tryggleik i tillegg til å sikre berekraft og lønsemd i drifta vil vere viktig for meg som leiar, seier Arne-Martin Kjærland.

Les heile saka her

HYDRO: Fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Arne-Martin Kjærland. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

Møt dei nye sogningane: – Eg skal bu i Sogn til eg døyr

Det er dystre utsikter når det gjeld folketalet i store deler av Noreg, men spesielt i Sogn. Fleire peiker på at innvandrarar kan vera redninga. Men er det løysinga? Og er sogningane i så fall opne og inkluderande nok til at folk vil koma og etablera seg her? Kva meiner innvandrarar om eit liv i Sogn?

Saleh Ali–Saleh frå Eritrea er ikkje i tvil. Han kom til Norge i 2012 og har funne heimen sin for resten av livet.

– Her skal eg bli til eg døyr! Det å kunne køyra trygt frå heimen til jobb, vita at familien har det trygt og godt, er det viktigaste, seier han. 

Les heile saka her

GLAD: Saleh Ali–Saleh frå Eritrea føler han er er godt integrert og kjenner seg velkomen på Kaupanger. Foto: Torunn Todal Laberg

Koronakrisa tok mellombels vekk heile marknaden deira – no jobbar dei med å omstille seg

Sogn Aqua i Ortnevik produserer kveite i Ortnevik har jobba målretta mot å levere til restaurantmarknaden, og har faste kundar i blant anna København, London, Frankrike, USA, Bergen og Oslo.  

– Plutseleg vart alt vi har jobba for mellombels vekke. Det er det som er så kjedeleg i denne situasjonen, seier dagleg leiar i Sogn Aqua AS, Jan Arne Brekke. 

Les heile saka her

LANDBASERT: Sogn Aqua har spesialisert seg i landbasert produksjon av kveite og leverer i hovudsak til restaurantmarknaden. Foto: Sogn Aqua AA

Hanne og Tonny-André sitt hus ligg ute for sal for 6,8 millionar

Gulen: Fire år etter at Hanne Slartmann og mannen Tonny-André Birkeland flytta inn i draumehuset på Dalsøyra, vil dei selje det for ein prislapp som er godt over gjennomsnittet i Gulen kommune.

– Det er vemodig å selje, men familie kjem fyrst, seier Hanne Slartmann.

Huset har ein prisantydning på 6,8 millionar, har fem soverom, eit bruksareal på 273 kvadratmeter og eit tomteareal på 2370 kvadratmeter. 

Les heile saka her

GULEN: Huset har ein prisantydning på 6,8 millionar. Foto: Privat

Gøril fotograferte faren sin på dødsleiet og vann gullmedalje

Gøril Sætre frå Brekke mottok gullmedalje og heiderleg omtale frå Norges Fotografforbund. Ho konkurrerte mot 188 fotografar frå heile landet og rundt 1500 innsendte arbeid.

– Det gjer at det opplevest sterkt i og med at det er så personleg, seier Sætre.

Les heile saka her

STERKT: Bilete syner bror og far hennar på dødsleiet til faren.
 Foto: Gøril Sætre 

Ny produksjonsleiar for Østerbø: – Viktig å sleppa ungdommen til

24-åringen Mathijs van der Veldt starta som mekanikar i bedrifta i fjor haust og har på under eit år stige i gradene til å bli produksjonsleiar. 

Den nye produksjonsleiaren fortel at bedrifta har hatt spesielt mykje jobb med sveis av store plastrør til havbruk den siste tida. 

– Det er ikkje så mange som har den typen spisskompetanse vi har på det området, seier Mathijs van der Veldt.

Les heile saka her

PRODUKSJONSLEIAR: Mathijs van der Veldt er ny produksjonsleiar på Østerbø verkstaden. Foto: Østerbø Maskin

Åse Lene driv Dingja Landhandel: – Det er litt som i gamle dagar då me ferierte i eige land

Annlegget var tidlegare ein tønne- og trevarefabrikk som var drive av bestefaren hennar, Peder Strand. I dag er dette gjort om til fem leilegheiter og eit forsamlingsloke med namnet Tønneloftet. 

– Bygda blomstrar om sumaren med folk som kjem frå fjernt og nært. Eg elskar å prate med folk, så denne jobben er perfekt, seier ho.

Les heile saka her

DINGJA: Sumaren var overraskande bra med masse båtgjester og utleige til nordmenn. Foto: Privat

September: Jobbar for å halde Sognefjorden fri for plast – har samla 16 tonn på eitt år

Store mengder plast kjem inn mot Sognefjorden frå havet kvart år. Ørjan Sandnes og Monica Bakkeli prøver å fange den opp allereie når den når Gulen.

Saman med Monica Bakkeli, som han også driv Gulen Dive Resort saman med, står han bak prosjektet «Sognefjorden rein» gjennom verksemda FJORDia AS.

 – Målet med prosjektet er å stoppe all plast frå å komme inn i Sognefjorden. Gjer vi ein jobb her ute, har det stor innverknad på resten av fjorden og fjordarmane. Det er eit hårete, men eit godt mål, seier Ørjan Sandnes. 

Les heile saka her

PLAST: Ørjan Sandnes og Monica Bakkeli står bak prosjektet «Sognefjorden rein». Foto: Gulen Dive Resort

Steffen starta firma for å sysselsetje seg sjølv i ei lita grend. No har han meir enn full jobb

Han og kona Kathrin flytta frå Tyskland til Ikjefjord hausten 2014. Då han kom til Noreg fekk han etterkvart eit vikariat hos Sørsida sag, men då det tok slutt, måtte Hielscher tenkje alternativt for å finne arbeid innan fagfeltet sitt.

– Eg har berre fått meir og meir oppdrag, men ein veit aldri kva veg det går når ein startar opp, seier han. 

– Det er ikkje bra å måtte seie nei til oppdrag fordi eg ikkje har kapasitet. Men planen er eigentleg ikkje å bli større. Eg ønskjer å halde drifta oppe på dagens nivå. Slik det er no, klarer eg å ta all jobben sjølv, seier Hielscher. 

Les heile saka her

ARBEID: Steffen Hielscher har hatt rikeleg med arbeid etter at han starta Mufli Ikjefjord. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

På vegen heim frå ferien her bestemde tyskarane seg for å prøve livet i den vesle bygda. Dei angrar ikkje

Vi var på ferie i Ikjefjord i 2014 og på veg heim att til Tyskland bestemte vi oss for at vi skulle flytte hit og prøve livet her, seier Kathrin Hielscher.

Saman med mannen Steffen og sonen Kevin flytta ho til bygda Ikjefjord på Høyanger sørside i november 2014. 

No vert ekteparet dei første som byggjer hus i det nye byggjefeltet i bygda, som har vore eit etterlengta prosjekt frå bygdelaget. Det er her dei ønskjer å vere og byggje draumehuset sitt.

– Vi er veldig glade i roen vi finn her inne, seier Kathrin.

Les heile saka her

UTSIKT: Steffen og Kathrin Hielscher ser fram til å vakne opp til denne utsikta kvar dag. Foto: Vilde Grimelid Oppedal

Koronakrisa tok knekken på draumen til søstrene: – Det var tøft for oss

I desember blei det kjent at søstrene, Jannicke Nessetrand og Veronika Nessestrand, stengde dørene til KaffeTelegrafen i Høyanger. Kafeen blei hardt råka av koronakrisa, og som følgje av dette fekk dei ikkje økonomien til å gå rundt.

– Det var rett og slett fordi det var tøft å halde ope, når me fant ut me ikkje fekk nok midlar. Då var det ikkje håp økonomisk. Me kunne hatt ope fleire dagar for å få inn mest muleg peng for å få ned lånet vårt, men vi klarte ikkje det, seier Jannicke.

Les heile saka her

KAFFETELEGRAFEN: Kaffimaskina er forøvrig eit høgdepunkt for dei, og noko dei er stolte av. Foto: Lidvar Berge
Til toppen