VELKOMEN HEIM: Håvard Flo helsar Endre Kupen velkomen til Fosshaugane og Sogndal.
VELKOMEN HEIM: Håvard Flo helsar Endre Kupen velkomen til Fosshaugane og Sogndal. (Foto: Rune Sjøberg/Sogndal Fotball)

Fotrapp måltjuv håpar på ny vår i Sogndal etter skadetrøbbel

Endre Kupen (29) frå Selje har signert for Sogndal på ein treårskontrakt.

Sogndal: Overgangen frå Bodø/Glimt vart klar måndag.

Mykje grunna skader har ikkje spissen starta ein seriekamp på 2,5 år. No er han svolten på å visa at han framleis har noko å gje på bana.

– Ambisjonane mine er å spela meg inn på laget, skåra mål og vera med på å rykka opp med Sogndal, seier Kupen i ei pressemelding frå klubben.

Målgarantist vender heim

Spissen skåra 47 mål på 60 kampar for Florø, og var sentral då laget sikra opprykket til OBOS-ligaen i 2016. Der imponerte han såpass at Bodø/Glimt sikra seg signaturen i november 2017. Heile første sesongen på Aspmyra vart øydelagt av ein kneskade. I 2019-sesongen vart det berre 136 minuttar på bana i Eliteserien, og ingen mål.

No vender den fotrappe måltjuven attende til heimfylket for å få ein ny start i karriera.

– Han har god erfaring, men er samstundes ein svolten gut med ambisjonar, som vil gje eit puff til dei gutane me har her. Me får inn ein målskårar med høg fart, og så er han ein kjekk gut frå Selje. Eg gler meg til å sjå Kupen i kvitedrakta, seier trenar Eirik Bakke i pressemeldinga.

Til toppen