FOX: Ordførar Geir Solheim delar ut Kulturprisen 2019 til Fox/Longhorn for tru teneste i 52 år.
FOX: Ordførar Geir Solheim delar ut Kulturprisen 2019 til Fox/Longhorn for tru teneste i 52 år. (Foto: Jan Christian Jerving)

Fox/Longhorn vann Kulturprisen 2019: – Me er krye og audmjuke

Kulturprisen i Lærdal blir delt ut kvart fjerde år og er ei sjeldan, men stor ære å ta i mot.

Lærdal: – Formannskapet er jury, og det kom i år inn fleire forslag på mange gode kandidatar, sa ordførar, Geir Solheim, i talen sin før han kom med denne grunngjevinga: 

«Ein ung vinnar på 52 år. Ein omgjengeleg og kreativ prisvinnar. Årets vinnar har med eit skråblikk delteke i samfunnsdebatten. Ein som har spreidd mykje glede på sin veg og som er stolt av bygda si. Skapt varige minner for mange menneske.

Ein vinnar som framleis er aktiv og høgst oppegåande Gjengen har endra seg over tid, det er difor slik at me har bestemt oss for å ikkje nemna namn på personar kun på institusjonen.

Eit poeng frå nokon av forslagstillarane: Desse karane er som pota – kan brukast til alt.

Eg er glad og stolt over å kunne gje Kulturprisen 2019 til Fox/Longhorn.

Dette er ein gjeng som gjennom godt kameratskap, snille koner og speleglede har gjort hobbyen sin til noko stort! Nokon gonger er eg usikker på kven som kosar seg mest, desse karane eller publikum. Men for alle som har vokse opp i Lærdal vert det ingen ordentleg sommar utan Sumar i Lærdal. Gratulera med Lærdal sin Kulturpris 2019, måtte det bli mange glade år også frametter, då med eller utan rullator.» 

Stor stas

Fox blei skipa i 1967 av Kristen Olav Grøttebø, Ragnar Sanden, Gudmund Forthun, Odd Reidar Lysne, og Steinar Kvigne, medan Ole Thomsen, og Arne Moe Vindedal kom til seinare.

Longhorn såg dagens lys på 80-talet, og då heldt Grøttebø, Sanden og Kvigne fram, i tillegg til Magne Grøttebø, Tom Karlsrud, og Gudmund Bolstad Skjær. 

SPREKT: Eit sprekt og fargerikt band for over 30 år sidan. Foto: Arkiv

– Å få Kulturprisen er stor stas sjølvsagt, og me er stolte, krye og audmjuke over å få denne prisen, seier Steinar Kvigne.

Han var sjølv 14 år då han byrja å spela i Fox. 

 

– Det var jo knapt me hadde lov å spela på fest. 

Og sidan har bandet hatt ei lang fartstid og spelt mange tonar for festglade lærdøler og andre. 

– Det har vore utruleg gjevande, og den kameratskapen me har hatt, ja det er noko heilt spesielt over det. 

Skal ikkje gje seg med det fyrste 

Laurdag spelte dei på marknadsfesten under Lærdalsmarknaden.

– På festen var det stinn brakke, godt vêr og høg stemning, alt var heilt topp. 

Søndag var det tid for utdeling av Kulturprisen, og Kvigne må vedgå at han stussa litt då ordføraren les opp grunngjevinga og nemnde ein på 52 år. 

– Ein ung vinnar på 52 år sa han, og eg tenkte kven i alle dagar kan det vera då. Og så nemnde han gjengen, og eg lurde på kva gjeng dette var, seier han og ler. 

Og som ordføraren sjølv nemnde, så kan det godt hende det blir rullator på gjengen før dei har tenkt å gje seg. 

– Me er stolte og litt rørde heile gjengen, og me har ikkje tenkt å gje oss heilt endå. 

Til toppen