ÅSVANG SKULE: Slik ser det ut på Åsvang i dag. Foto: Kaja Nygård
ÅSVANG SKULE: Slik ser det ut på Åsvang i dag. Foto: Kaja Nygård

Frå 1966 - 1975 var det leirskule her

Tidlegare reiste årdølene til Åsvang skule på leirskule. Heile 3300 skuleborn frå Årdal har opplevingar frå Valdres. Kanskje er du ein av dei ?

Årdal: Åsvang skule ligg på Hensåsen i Vang kommune, og vart tidlegare brukt som leirskule. I dag er det naturbarnehage i same bygning, omkransa av eit skieldorado, med både lengre og kortare turløyper. 

I 1966 gjorde Årdal ein avtale med Vang kommune om å leige Åsvang skule til leirskule for skuleborn. Åsvang vart også brukt til kurs for lærarar og idrettslag, fram til den vart avvikla i 1975.

3300 årdalselevar

Skuleborna fekk med seg to opphald, då det var leirskule både i femte og sjuande klasse. Det var lagt opp til eit opphald om hausten og eit opphald om vinteren. 

Heile 3300 årdalselevar har vore på leirskulen i Valdres, ifølge NRK sitt fylkesleksikon. Det sit med andre ord att ein del minner i veggane der, som høyrer til ein og anna årdøl. Kanskje du er ein av dei som har barndomsminner frå leirskulen i Valdres?

I dag reiser elevane frå Årdal på leirskule til Balestrand.                                           

SKI: Åsvang ligg ved foten av Slettefjell og kan friste med fine skiløyper.
SKI: Åsvang ligg ved foten av Slettefjell og kan friste med fine skiløyper.

 

Til toppen