Årdal/Lærdal: – Landet over er sjukeheimar stengde og me har ikkje lov til å gå på besøk til dei som nyttar besøksvenn-tenesta til vanleg. Så no opprettheld me kontakt med dei som ynskjer det på telefonen, seier leiar i Årdal i Sogn Røde kors, Patricia Seglem Lægreid.

KORONAVIRUS
Frå besøksteneste til telefonteneste
Det frivillige arbeidet til besøksvenene i Årdal i Sogn Røde kors held fram, men i ei form tilpassa koronakrisa. – Det er viktig at alle følgjer dei instruksane me no får, seier leiar Patricia Seglem Lægreid.