
– Me var oppe med helikopter i dag og spylte fjellsida. Det ligg att ein del steinmassar der, fortel geolog Tore Hallingstad Medgard.
Geologen har hatt oppsyn med rasstaden i dag laurdag.
Han forklarar at det ikkje var formålstenleg å spyla for mykje, for det ville fjerna det som fungerer som ei støtte for steinurda i fjellsida.
Medgard har gjort unna den geologiske vurderinga, og i morgon, laurdag, vil vegryddarane ta fatt på arbeidet for fullt med gravemaskin.
Vêrmeldinga for i morgon gjev grønt lys til oppryddingsarbeida
Det er meldt minusgrader for i morgon i Årdal, og det er godt nytt for arbeidsprosessen med å rydda i stand att vegen ut frå Finnsåstunnelen.

– Det er sett opp visse restriksjonar for oppryddingsarbeida med tanke på tryggleiken til arbeidarane. Det er krav om at det skal vera dagslys under arbeida, opphaldsvêr og ideelt sett bør det òg vera minusgrader.
Dersom det kjem nedbør no, so vil det kunne vaska ut lausmassar av stein og jord. Og det var nettopp det dei ville unngå då dei ikkje spylte bort for mykje masse i dag fredag.
Risikoen for at det skal koma steinar trillande gjer at arbeidslaget ved tunnelen tek visse førehandsreglar.
– Dei som ryddar bort steinmassene byggjer ein mellombels mur ved vegen. Dei plukkar ut steinar frå raset som høver til å byggja med.
Muren skal ta unna for småsteinane som måtte koma rennande utfor fjellknausen, slik at det ikkje skal vera farleg å opphalda seg ved vegbanen utfor tunnelen.
Dette fjellpartiet ser ut til å ha rast ifrå seg

– Har det rast ifrå seg her, eller kan det koma fleire ras på same staden?
– Me såg på losneområdet om det var noko meir der som såg ustabilt ut. Det såg ut som at det meste var kome med i dette skredet, fortel Medgard.
Han poengterer at hovudgrunnen til restriksjonane som er sette i høve gjennomføringa av opprydningsarbeida, er lausmassane som ligg att i sjølve skredlaupet.
– Er det vanleg eller uvanleg at det går fleire skred på akkurat same stad?
– Det varierar stort frå stad til stad, so difor er det vanskeleg å koma med eit svar på generelt grunnlag.