TESTAR UTSYRET: Arnt Erik Henjum, dagleg leiar i Tya Bryggeri, testar denne veka ut utstyret inne i bryggeriet. Foto: Ina Eirin Eliassen
TESTAR UTSYRET: Arnt Erik Henjum, dagleg leiar i Tya Bryggeri, testar denne veka ut utstyret inne i bryggeriet. Foto: Ina Eirin Eliassen

Frå draum til mikrobryggeri

Maskinane som skapar flaskemagi er på plass. Det er også lukta av øl. Initiativtakarane bak Tya Bryggeri er på gang.  

Bryggetankar, gjærtankar, lagringstankar og så flaskelinja. Flaskelinja er rett og slett eit samleband som puttar på etikett på flaska, spyler den inni, fyller flaska og set på topp. Utstyret kom på plass for ei veke sidan. 

Artikkelen held fram under biletet

TANK PÅ TANK: Ulike tankar brukast til brygging, gjæring og lagring, før ølet er klart for å bli tappa på flaske.
TANK PÅ TANK: Ulike tankar brukast til brygging, gjæring og lagring, før ølet er klart for å bli tappa på flaske.

Ølbryggingsprosessen er noko du også skal få sjå då dei opnar i juni. Inni i kafeen skal du nemleg kunne nyte kaffi og bakverk, medan du ser dei blanke tankane og tappemaskina i bryggeriet som berre er delt av med eit glasvindauge. 

Då Porten.no var innom bryggeriet onsdag står Arnt Erik Henjum, dagleg leiar i Tya Bryggeri, og tappar i lag med italienaren Franco Caralli i firmaet Framax, som har levert utstyret. Berre montering og investeringane i bryggeriet og flaskelinja har kome på kring 3 millionar, med litt uflaks med eurokursen. 

Artikkelen held fram under biletet

FAMILIEBEDRIFT: Franco Caralli, frå Toscana i Italia, har levert bryggeriutstyr i både Lofoten og Lindesnes. Dei siste åra har det vorte mange turar til Noreg. 
FAMILIEBEDRIFT: Franco Caralli, frå Toscana i Italia, har levert bryggeriutstyr i både Lofoten og Lindesnes. Dei siste åra har det vorte mange turar til Noreg. 

Lokalt handverksøl - unike flasker

– Dette er handverksøl. Me tek sikte på å starte med fem ølsortar, der nokre av dei er sterkøl på 6,5 prosent og oppover, då me meiner det fyldige ølet er best, seier Henjum. 

– Tykkjer de ikkje det er risikabelt å opne mikrobryggeri her?

– Nei, dette har me trua på. Ølet skal ut i marknaden, både skjenkestader og butikkar. Det er mange mikrobryggeri, men me tek sikte på å gjera det litt annleis, fortel han.

Artikkelen held fram under biletet

NOREG EINASTE: Tya Bryggeri blir dei einaste i Noreg som nyttar svarte ølflasker. Desse kjem i blank og frosta utgåve, som er produsert i Kina.
NOREG EINASTE: Tya Bryggeri blir dei einaste i Noreg som nyttar svarte ølflasker. Desse kjem i blank og frosta utgåve, som er produsert i Kina.

Ingrediensar som malt og humle er henta frå USA, Tyskland og England. Tya Bryggeri har henta flasker frå Kina, då det var ingen andre som produserte svarte ølflasker i den ønska storleiken i Europa. Grunnen for at Henjum og Hellebø valde akkurat desse flaskene er designen. Sjølve handverket og vatnet, det er lokalt.  

– Me har no kontakt med helsemyndigheitene, for å få på plass bruksløyve for å laga alkohol. Me kan ikkje selje før det er på plass. Det tek tid for å koma seg opp å gå. Me må vera sikker på produksjonen før me kan gå inn i salsprosessen, forklarar Henjum. 

Artikkelen held fram under biletet

HULDRA: Førebels ser etiketten til "Huldra", den første ølsorten til Tya Bryggeri, slik ut. 
HULDRA: Førebels ser etiketten til "Huldra", den første ølsorten til Tya Bryggeri, slik ut. 

Caralli er imponert over plassen og han undrar seg over korleis han skal klare å forklare korleis fjord blir til fjell her i Årdal. Han har vore mykje i Noreg dei siste tre til fire åra. Marknaden for lokalbrygg seier han heilt klart er aukande her. Han minner også om at bryggeriet kan produsere andre typar drikke som eplesider, brus og mineralvatn, sjølv om Tya Bryggeri satsar på øl. 

Mykje kan skje ute på køyretur

Det starta då både Tom Hellebø og Arnt Erik Henjum sat i styret for Norsun for nokre år sidan, og var på møteverksemd i Oslo kvar månad. På køyreturen til og frå hovudstaden fekk dei god tid på å drodle og å diskutere idear. Då dei hadde begge drive med heimebrygging og hadde stor interesse for øl, begynte dei å leika med ideen om å starta opp bryggeri i Årdal. Alt før bygget kom til sals, hadde dei sett kor perfekt denne plasser er for eit bryggeri. 

Artikkelen held fram under biletet

SNART OPNING: Første etasje av både bakeri og bryggeri skal opne på torget i Øvre Årdal i juni.
SNART OPNING: Første etasje av både bakeri og bryggeri skal opne på torget i Øvre Årdal i juni.

Bygget det kom til sals det, og Hellebø og Henjum reiste for å sjå før dei la inn bud. Det skulle vise seg at også Jan Rasmussen var interresert i bygget for å opne eit bakeri. 

– Me fann ut at det var like greitt å gå i lag om bygget, då både bryggeri og bakeri passar i lag, fortel Henjum. 

Resultatet er eigedomsselskapet Storevegen 16 -18, som dei tre eig i lag. For å kjøpa og etablera lokala til både bryggeri og bakeri har kome opp i kring ti millionar. 

Eit lokale - to funksjonar

Serveringstaden skal ha to funksjonar. På dagtid kafè, medan ein skjekestad på kveldstid. Alt skal vera i same stil, der arkitektar har designa korleis det heile skal sjå ut. 

Artikkelen held fram under biletet

UNDER ARBEID: Arnt Erik Henjum, dagleg leiar i Tya Bryggeri. Trappa skiljer lokala for bakeri og bryggeri.
UNDER ARBEID: Arnt Erik Henjum, dagleg leiar i Tya Bryggeri. Trappa skiljer lokala for bakeri og bryggeri.

Til no er det berre kvite veggar å sjå. I midten er lokalet delt i to av ei trapp. Ein kan høyre lydar frå både borr og sag frå dei tilsette hos entreprenøren Kleven Sogn, som tek seg av tilrettelegginga av bygget.

Arbeidsplassar og liv i sentrum

Til no har Henjum og Hellebø ingen tilsette i bryggeriet. Dei er begge i full jobb, medan den tida som er til overs går med i bryggeriet. 

– Det er hektisk, spesielt med ein krevjande jobb ved sidan av, seier Henjum, som til dagleg er innkjøpssjef på Norsun. 

– Ho heime seier ho såvidt kjenner meg att. Det blir nok betre etter kvart, seier han lurt. 

Artikkelen held fram under biletet

SYMBOLSK NAMN: Tya Bryggeri har namnet sitt etter elva Tya. Den er opphavet til Årdal slik me kjenner plassen, då elva vart bygd ut for å skapa kraft til industrien. Heile historia bak namnet, vil du etter kvart finne på heimesida deires som er under utvikling.

Mot slutten av året ser dei for seg i tilsette ein person i ei halv til ei heilt stilling. Til neste år har dei som mål å skapa to arbeidsplassar. Bryggeriet har kapasitet til å produsere 150 000 liter i året, og for å produsere denne menga bør dei helst ha tre til fire tilsette. Det kjem i tillegg til dei tilsette på bakeriet. 

– Berre det å skapa liv på torget i Øvre Årdal er postivt. Bryggeriet kunne ligge avsides til, men me ville ha det sentralt og ope, slik at folk kan sjå prosessen med å brygge øl. På sikt ønskjer me å laga til fleire aktivitetar rundt bryggeriet, seier Henjum. 

Til toppen