(Foto: Arkiv)

Frå «Gamle dampen» til akrobatisk dans på Aurlandsmarknaden

Variert underhalding då aurlendingar og tilreisande kosa seg i flott marknadvsêr denne helga. Sjå stort fotogalleri!
 

Aurland: – Me er kjempenøgde. Komiteen var heilt fersk, så me var spente på å skulle føra tradisjonen vidare, seier Bengt Erlend Skjerdal, leiar i styret for Aurlandsmarknaden.

Arrangementet vart sparka i gang fredag kveld med quiz og marknadsfest, der line-upen bestod av Robin og Bugge, Sandra Lyng og Ni liv.

Hovuddagen laurdag var det tradisjonell marknad med ymse aktivitetar for store og små – hoppeslott, bilbane, ansiktsmåling, andeslepp og sightseeingturar med både rallartog og helikopter.

– Publikum elskar Finn

Sjølve marknadsdagen vart avrunda med eit lettbeint show der kjendisflåmming Finn Tokvam leia det heile. Han hadde fått med seg skodespelar og artist Claus Sellevoll som dukka opp i mange kjende skikkelsar – Jon Eikemo, Harald Stanghelle, Claus Lundekvam, Mons Ivar Mjelde, Knut Arild Hareide, og Ivar Medaas, mellom andre.

– Hugsar dykk gamle dampen? spurde Sellevoll alias Medaas eit «fullsett» Odden.

– Ja, då har de ikkje lenge att, sa han frå scena medan latteren trilla ut frå publikum før «Dar kjem dampen» vart framført for andre gong.

Eit populært innslag Tokvam sjølv hadde hovudregien på, var nyhendeopplesing frå Aurlendingen. Sjølvsagt gjekk det ut over både politikarar og byråkratar.

– Me skal utanriks, me skal til Flåm. Arbeidet med den nye skulebrui i Flåm etter flaumen for mange år sidan – det er kanskje nokre som framleis hugsar den – er enno ikkje komen i gang. Det har vore mykje att og fram om kvar brui skal plasserast, og det einaste politikarane har klart å bli einige om er at brua må liggja i nærleiken av Flåmselvi, sa Tokvam.

– Publikum elskar Finn, dei ler berre han kjem på scena, kommenterer Bengt Erlend Skjerdal.

Mange tilreisande: – Kjekt for ei fersk marknadsnemnd

Laurdag kveld var det klart for ny marknadsfest med Folk flest og Ausekarane på scena.

– Me prøvde noko nytt med ope område og ølband, noko som var ein suksess. Laurdag kvelden hadde me om lag ni hundre innom området, og det er me svært nøgde med Det var flott vêr og god stemning, seier Skjerdal.

I tillegg reknar han med fem-seks hundre var på underhaldninga laurdag ettermiddag og fire hundre på festen fredagskvelden.

– Fire hundre var litt skuffande med såpass store artistar. Me må sjå litt på fredagen no når me skal evaluera. Men me er svært nøgde, det har gått knirkefritt. Det var også mykje fine boder under marknaden. I tillegg hadde me mange tilreisande; folk kom med båt både frå Lærdal og Luster, og me hadde også hallingar her. Det er veldig kjekt for ei fersk marknadsnemnd.

Om lag femti friviljuge fordelt på dei to dagane var med på å få det heile til å gli.

– Dei har stått på begge kveldane – utan dei hadde me ikkje klart dette, seier Skjerdal.

Til toppen